Dei nominerte for busetjingsprisen er klare

For åttande året på rad deler IMDi ut busetjingsprisen til ein kommune som har gjort ein spesielt god jobb med å busetje og integrere flyktningar. Denne gongen er Grimstad, Lavangen, Sandnes, Sunndal, Lillehammer og Skedsmo nominerte.

Sist oppdatert: 10. februar 2016

12. mai vil det vere klart kva for ein av dei seks kommunane som stikk av med prisen for 2015! Busetjingsprisen blir delt ut på Maihaugenkonferansen.

Éin kommune frå kvar av dei seks IMDi-regionane er nominert, og dei nominerte måtte skåre høgt på eitt eller fleire av dei følgjande kriteria:

  1. Kommunar som gjennom kreative og gode løysingar for å skaffe nok bustader har gjort ein ekstraordinær innsats for å busetje mange flyktningar i 2015
  2. Kommunar som har gjort ein ekstraordinær innsats for å setje i verk nytenkjande og alternative tiltak som fører til rask overgang til arbeid eller utdanning for deltakarar i introduksjonsprogrammet, til dømes gjennom samarbeid med arbeidsgivarar og frivillige organisasjonar
  3. Kommunar som kan vise til planmessig og langsiktig busetjings- og integreringsarbeid med god forankring i kommunen og det ordinære planverket til kommunen

Tidlegare vinnarar av prisen er Drammen (2014), Hammerfest (2013), Molde (2012), Kragerø (2011), Kristiansand (2010), Levanger (2009) og Vadsø (2008).

Se filmer om de nominerte kommunene:

Fant du det du lette etter?