Forbod mot å bruke barn som tolk

Ifølgje ei ny føresegn i forvaltingslova skal ikkje barn brukast til tolking eller anna formidling av informasjon mellom offentlege tenesteytarar og personar som ikkje har gode nok språkferdigheiter. Føresegna tok til å gjelde 1. juli 2016.

Sist oppdatert: 1. juli 2016

Det kan gjerast unntak frå forbodet i to tilfelle:

  • Dersom det er fare for tap av liv eller alvorleg helseskade.
  • Dersom det er nødvendig i andre nødssituasjonar.

Gå til forvaltingslova.

Omsynet til barnets beste

Å bruke barn som tolk kan få uheldige konsekvensar for barnet. Eit barn skal til dømes ikkje måtte tolke mellom foreldra og saksbehandlaren i ei barnevernssak, eller tolke hos legen. Det er den offentlege tenesteytaren sitt ansvar å bestille tolk.

Samtidig er forbodet viktig for å heve kvaliteten på offentlege tenester. Ved å bruke ein kvalifisert tolk kan ein unngå misforståingar, unngå å gjere vedtak som er baserte på feil informasjon, og få ei meir effektiv tenesteyting.
Forbodet må sjåast i samanheng med den alminnelege rettleiingsplikta forvaltinga har overfor alle innbyggjarar, og plikta forvaltinga har til å sørgje for at den enkelte saka er så godt opplyst som mogleg før noko blir vedteke.

Bruk kvalifisert tolk!

God tilgang på tolketenester og rett bruk av tolk bidreg til at fagpersonar kan utføre arbeidsoppgåvene sine på ein forsvarleg måte.

IMDi tilrår at offentlege tenesteytarar kartlegg og legg planar for tolkebehova sine, og at dei utviklar retningslinjer for tolketenestene sine. Interkommunalt samarbeid, samarbeid på tvers av kommunegrenser og bruk av skjermtolking kan gjere det lettare å bruke kvalifiserte tolkar.

Fant du det du lette etter?