Her er nokre av tiltaka departementet foreslår i stortingsmeldinga, som kom 19. februar:

Grunnleggjande ferdigheiter

  • Utvikling av kartleggingsverktøy for grunnleggjande ferdigheiter
  • Utvikling av nettbasert opplæringstilbod i lesing, rekning og skriving

Raskare overgang til arbeid for innvandrarar

  • Auka bruk av grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring i introduksjonsprogrammet, mellom anna ved å kombinere norskopplæring med opplæring på grunnskulenivå
  • Meir effektiv opplæring mellom anna på grunnskulenivå, modular med meir avgrensa innhald
  • Nye læreplanar på grunnskulenivå som er tilpassa vaksne

Enklare system for å godkjenne utdanning

  • Etablere nasjonal godkjenningsordning for utanlandsk fagopplæring og fagskuleutdanning
  • Betre informasjon og føreseielegheit for borgarar utanfor EØS som ønskjer godkjenning til lovregulerte yrke
  • Styrkje tilbodet av kompletterande utdanningar i høgare utdanning

Fagbrev på arbeidsplassen

  • Etablere ein alternativ veg til fag- og sveinebrev som legg til rette for å kombinere opplæring med inntektsgivande arbeid
  • Tette hòlet mellom ungdomsretten og vaksenretten
  • Direkte overgang mellom ungdomsretten og vaksenretten til vidaregåande opplæring. Dei som vil få rett til vidaregåande opplæring som vaksne, skal kunne få denne opplæringa før dei har fylt 25 år, sjølv om ungdomsretten er brukt opp.