Det var Nasjonalt utval for mottak og busetjing som fastslo det nye behovet på møtet sitt 24. juni.

Når målet i år

Utvalet har justert ned talet på flyktningar som skal busetjast i år, frå 18 000 til 16 000. Sjølv om få flyktningar var klare til å bli busette ved starten av året, reknar IMDi med å busetje alle 16 000 i år. Det blir ny rekord i talet på busette på eitt år.

– Kommunane fortener stor takk for viljen og evna til å busetje alle som har behov for det, seier IMDis direktør Geir Barvik, som òg leier Nasjonalt utval.

Endeleg tal for 2017 kjem i september

Utvalet reduserer òg estimatet på kor mange som må busetjast neste år, frå 21 000 til 13 000–15 000. Det endelege måltalet for 2017 vil bli presisert i oppmodingsbrevet til kommunane som blir sendt ut i september.

– Slik det ser ut no, vil behovet for å busetje flyktningar i 2018 og framover vere mindre i år og neste år, men denne vurderinga er langt frå sikker, seier Barvik.

Det reduserte behovet heng saman med to ting: Det kjem få asylsøkjarar til Noreg no, og UDI rekk ikkje å behandle alle asylsøknader like raskt.
Samtidig er behovet for å integrere dei mange som blir busette, stort og aukande.

– Å bli busett er berre det første leddet i integreringskjeda. Kvalifisering, utdanning, arbeid og deltaking i lokalsamfunnet, mellom anna gjennom frivillige organisasjonar, er heilt nødvendige skritt vidare. Når rekordmange blir busette, ligg det i korta at fleire krefter må setjast inn i integreringsarbeidet, seier Barvik.

Treng alle plassar til einslege mindreårige

Samla vil det vere behov for å busetje om lag 4400 einslege mindreårige i år og neste år. Sjølv om behovet for å busetje einslege mindreårige er lågare enn ein først trudde, treng ein alle dei plassane kommunane har vedteke for denne gruppa.

– Mange kommunar har vist imponerande vilje til å busetje einslege mindreårige flyktningar. I år vil dei ta imot fleire enn det no er behov for. Samtidig manglar vi plassar for dei som skal busetjast i 2017. Vi ber derfor kommunane om å overføre overflødige plassar til neste år, seier IMDis direktør Geir Barvik.

Den største utfordringa er dei minste

Det er særleg krevjande å finne nok plassar til einslege mindreårige flyktningar under 15 år. 430 barn skal busetjast i år, og det manglar framleis rundt 60 plassar til desse. Neste år skal 770 barn under 15 år busetjast.

– IMDi vil i dialog med kommunane leggje særleg vekt på kor viktig det er å skape nye heimar for dei yngste flyktningane, seier IMDis direktør Geir Barvik.