Gå til forsiden Gå til støttemeny Gå til søk Gå til innholdsmeny Gå til innhold
 

Ny i Norge

Mange arbeidsinnvandrarar opplever vanskar med å finna fram til viktig informasjon om det norske samfunnet. Boka Ny i Norge skal gjer arbeidsinnvandrarar i betre stand til å gjera si plikt og krevja sin rett.

Ny i Norge inneheld informasjon om rettar og plikter ved arbeid og opphald i Noreg, samt dei generelle ordningane knytt til born, skule og helse. Boka gir også praktiske råd og tips for korleis meistra ein ny kvardag. Ny i Norge er laga for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar, men informasjonen kan også være nyttig for fleire. Utanlandske ektefeller, arbeidsgivarar med utanlandske tilsette og alle som har kontakt med innvandrarar, vil finna relevant informasjon her.

Ny i Norge er delt inn i følgjande sju kapittel:

• Opphald
• Arbeid
• Born og skule
• Helse
• Fritid
• Nyttig informasjon
• Offentlege etatar

Kvart kapittel har fleire tema slik at ein lett kan finna ynskja informasjon. Informasjonen er presentert i form av korte fakta, illustrasjonar og nokon “bruksrettleiingar” med bilete kalla “1-2-3”. Under kvart tema er det oppgitt internettadresse eller telefonnummer kor interesserte kan finna meir detaljert informasjon. Viktige fristar og datoar for til dømes sjølvmelding, årsavgift på bil etc., finnes i ein kalender på slutten av boka.

Ny i Norge vert gitt ut på tre språk: norsk, engelsk og polsk. Boka vil i løpet av oktober også være tilgjengeleg på alle tre språk på websida www.nyinorge.no

Boka er eit resultat av St. meld. nr. 18 Arbeidsinnvandring (2007-2008), der  regjeringa slår fast at dei ynskjer å fremme og styrkja arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar si tilpassing til arbeidslivet og deltaking i samfunnet. Eit av dei viktigaste tiltaka for å letta integreringa til denne gruppa i norsk arbeids- og samfunnsliv er å gi systematisk informasjon om rettar og plikter ved arbeid og opphald og dei generelle ordningane knytt til born, skule og helse, heiter det i meldinga.

16 etatar og offentlege aktørar har medverka med informasjon i boka, og Ny i Norge tydeleggjer ansvarsområdet til etatane som personar som er nye i Noreg har kontakt med. Følgjande aktørar har medverka med informasjon: Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Direktoratet for naturforvaltning, Fellesforbundet, Forbrukerrådet, KS, Helsedirektoratet, Husbanken, Politidirektoratet, Skattedirektoratet, Statens vegvesen, Toll- og avgiftsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).

Ny i Norge skal delast ut gratis til brukarar, og kan bestillast kostnadsfritt på bestilling@imdi.no.

Sist oppdatert 04.02.2010 

Publisert 04.02.2010 

Tips en venn om denne saken