Gå til forsiden Gå til støttemeny Gå til søk Gå til innholdsmeny Gå til innhold
 

"Ta imot eit menneske som treng språk - og arbeidspraksis i di bedrift - Introduksjonsprogrammet for nyleg ankomne flyktningar"

Det er mange som etterlyser ei betre integrering av flyktningar. Vil du vise at du bryr deg og ønskjer å bidra, har du sjansen no.

Kvifor næringslivet?

Flyktningar treng språk- og arbeidspraksis for å bli betre i norsk og få erfaring frå norsk arbeidsliv. Flyktningen får og lære om norsk arbeidsliv og arbeidslivskultur, og vil få eit nettverk som er til nytte i samband med jobbsøking seinare.

Gjennom erfaring veit vi at fleire får jobb i praksisperioden, og det er mogeleg å lage eit fleksibelt opplegg dersom dette skulle bli aktuelt. Hugs at flyktningar og er ressurspersonar. Dei har forskjellig kompetanse og arbeidserfaring, og det kan like gjerne vere ein utdanna ingeniør som treng språktrening, som ein sjølvlært skomakar.

Kommunane legg vekt på å samarbeide med bedrifter i ulike bransjar om utplassering av deltakarane. Kvar deltakar har ein kontaktperson i kommunen som har ansvar for oppfølging i bedrifta. Introduksjonsprogrammet legg opp til eit tett samarbeid for å sikre kvalitet og gjensidig nytte, både for deltakarane og samarbeidande bedrifter.

Sist oppdatert 04.02.2009 

Publisert 04.02.2009 

Tips en venn om denne saken