Både for majoritetsbefolkninga og minoritetsbefolkninga vil kvardagslivet i ein distriktskommune bli opplevd annleis enn kvardagslivet i større byar.
Å drive integreringsarbeid i små kommunar vil også medføre andre typar moglegheiter og utfordringar enn i større bykommunar som ofte har lengre erfaring med fleirkulturelt arbeid.
Uutnytta potensial
Denne rapporten peikar på at innvandring kan representere eit uutnytta potensial for mange bedrifter, næringsliv og kommunar rundt om i landet. Samstundes får kommunane nye arbeidsoppgåver, mellom anna knytt til integreringsfeltet, som gir både utfordringar og moglegheiter.
For å oppnå inkludering og integrering i distriktskommunar, er det difor behov for kunnskap som rettar fokuset på nettopp korleis mindre sentrale kommunar arbeider med integrering.
Moglegheiter og utfordringar
I rapporten Identifisering av prosjekter med formål om å få tilflyttarar til å trives og bli værende på et sted har Rambøll mellom anna sett på tre velykka inkluderingsprosjekt i småkommunar; i Hjelmeland kommune, Verdal kommune og i Lofoten.
Dei oppsummerar dei viktigaste suksesskriteria for å lykkes med inkluderingsprosjekt i småsamfunn.
Suksesskriterium:
- God forankring av prosjektet frå starten av hos alle involverte aktørar.
- Arbeidsmodellar eller arbeidsmetodikk må vere tilpassa lokale forhold og bli sett opp mot prosjekta sine føremål og tilflyttarane sine behov.
- Det er viktig å definere klare målgrupper då dette bidreg til ein fokusert og målretta arbeidsprosess. Rett oppfølging av målgruppa er også ein suksessfaktor.
- Fleksibilitet i gjennomføring av prosjekt.
Samstundes peikar dei på nokre sentrale utfordringar.
Sentrale utfordringar:
- Vegen vidare når prosjektperioden er over. Manglande etablerte strukturar for vidareføring av prosjekt.
- Grad av forankring og eigarskap til prosjektet hos aktørar som skal vidareføre prosjektet.
- Prosjekta har målsettingar som handlar om langsiktige prosessar: det er viktig å hugse at kortsiktige prosjektperiodar skal gi utslag på langsiktige målsettingar.
Treng meir kunnskap
IMDi- rapporten legg vekt på at ein vi treng meir kunnskap om temaet og reiser nye spørsmål som vi treng meir kunnskap om:
- korleis kan små kommunar jobbe for å oppnå større mangfald?
- korleis kan små kommunar jobbe for at flyktningar, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar kan kjenne seg inkludert i småsamfunn?
- kva rolle kan innvandring ha i lokal og regional samfunnsutvikling?
- korleis og på kva måtar kan flyktningar, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar representere ein ressurs for offentleg og privat sektor i distriktskommunar?
Målgruppene for rapporten er aktørar som ønskjer å oppnå mangfald i sine lokalsamfunn og som ønskjer å jobbe aktivt med inkludering av innvandrarar i småsamfunn. Rapporten vil vere nyttig for statlege aktørar, tilsette i kommunar og fylkeskommunar, bedrifter og næringsliv, frivillige organisasjonar med meir.