Gå til forsiden Gå til støttemeny Gå til søk Gå til innholdsmeny Gå til innhold
 

IMDi-rapport 8-2010 Mobilisering til val

val188

IMDi-rapport 8-2010 Mobilisering til val

“IMDi-rapport 8-2010 Mobilisering til val” ser nærare på valdeltakinga blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Rapporten er gratis og kan bestilles fra bestilling@imdi.no.

Låg deltaking fører til at store delar av befolkninga fell utanfor demokratiske prosessar der avgjersler blir tekne. Dette kan få negative konsekvensar for politikken og valsystemet sin legitimitet. Men valdeltaking handlar også om integrasjon og tilhøyrsle i eit større fellesskap, seier Farahnaz Bahrami leiar for IMDi Indre Øst.

Store variasjonar
Personar med innvandrarbakgrunn røystar i mindre grad enn resten av befolkninga. Ved dei tre siste stortingsvala har valdeltakinga blant desse gruppene vore 24–25 prosentpoeng lågare enn for befolkninga sett under eitt.

Men det er store variasjonar i valdeltakinga blant dei ulike innvandrargruppene. Til dømes har innvandrarar frå Balkan utmerkt seg ved i liten grad å røyste ved val, medan innvandrarar frå India og Thailand har utmerkt seg med høg valdeltaking over tid.

Det er også stor variasjon i representasjonen av innvandrarar i dei folkevalde organa. Få har blitt valde inn på Stortinget, men fleire har blitt valde inn i by- og kommunestyra rundt om i landet.

Mange tiltak parallelt
For å oppnå auka valdeltaking må ein jobbe på fleire frontar parallelt. Ei viktig oppgåve er å formidle informasjon om valavvikling og om partia sine politiske bodskap. Dette er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg arbeid for å få opp valdeltakinga.

Styresmaktene har sett i verk fleire tiltak for å auke valdeltakinga, både blant befolkninga generelt og blant innvandrarbefolkninga spesielt. IMDi arbeider med informasjons- og mobiliseringstiltak retta særskilt mot dei gruppene som har lågast valdeltaking, og mot førstegongsveljarar. Innvandrarbefolkninga er ei samansett gruppe, og kva som påverkar dei ulike gruppene sin motivasjon til å røyste, vil variere.

Kva er motiva?
Vi veit etter kvart mykje om kven av innvandrarbefolkninga som røystar, og korleis dei røystar. Delar av dei bakanforliggjande faktorane for røystegivinga er framleis lite utforska: Kva er motiva for å røyste eller for å la vere? Kva opplever personar med innvandrarbakgrunn som dei største barrierane for å delta ved val? Dette er forhold vi treng meir kunnskap om.

Sist oppdatert 19.11.2010 

Publisert 22.11.2010 

Tips en venn om denne saken