Ny i Norge er laga for arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar, men informasjonen kan også være nyttig for andre.
Skal lette integreringen
Nettsida og boka er eit resultat av St. meld. nr. 18 Arbeidsinnvandring (2007-2008), der regjeringa slår fast at dei ynskjer å fremme og styrkja arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar si tilpassing til arbeidslivet og deltaking i samfunnet.
Eit av dei viktigaste tiltaka for å letta integreringa til denne gruppa i norsk arbeids- og samfunnsliv er å gi systematisk informasjon om rettar og plikter ved arbeid og opphald og dei generelle ordningane knytt til born, skule og helse.
Mange har medverka med informasjon
16 etatar og offentlege aktørar har medverka med informasjon, og Ny i Norge tydeleggjer ansvarsområdet til etatane som personar som er nye i Noreg har kontakt med.
Følgjande aktørar har medverka med informasjon:
Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Direktoratet for arbeidstilsynet, Direktoratet for naturforvaltning, Fellesforbundet, Forbrukerrådet, KS, Helsedirektoratet, Husbanken, Politidirektoratet, Skattedirektoratet, Statens vegvesen, Toll- og avgiftsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Utlendingsdirektoratet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi).
Besøk www.nyinorge.no eller bestill boka kostnadsfritt på bestilling@imdi.no.