Intervjuordninga går ut på at minst ein søkjar med innvandrarbakgrunn skal kallast inn til intervju dersom ho eller han er kvalifisert for stillingen. I staten kom ordninga i stand som eit av tiltaka i Regjeringas handlingsplan mot rasisme og diskriminering 2002-2006.

Fleire kommunar og fylkeskommunar har allereie tatt i bruk tilsvarande ordningar: Oslo, Bergen, Bærum, Stavanger, Drammen og Østfold fylkeskommune er blant desse.

I tildelingsbrevet for 2011 har IMDi fått i oppdrag å systematisera dei erfaringane som allereie er gjort i dei kommunar som har innført intervjuordninga å tilråde kommunesektoren om å innføra ordninga på frivillig basis, samt å gi kommunane med råd og rettleiing.

Sarpsborg – den fyrste kommunen som har inngått avtale med IMDi

IMDi har eit godt samarbeid med Sarpsborg kommune, og er i dialog om å inngå ein langsiktig, forpliktande samarbeidsavtale. Kommunen har intervjuordninga i sin integreringsplan, og dette var eit godt høve til å ta ordninga i bruk. 

– Sarpsborg blir ein inspirasjon for andre kommunar, sa barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken då han vitja Sarpsborg for å lansera intervjuordninga.

– Denne ordninga skal gje alle lik sjanse til å bli med. Me må sørgja for at alle får like moglegheiter. 

Sarpsborg ynskjer mangfald

Varaordførar i Sarpsborg Linda Karlsen Duffy understreka at ho har stor tru på prosjektet, og at dei på denne måten kan få endå fleire dyktige folk til kommunen. – Vi ynskjer mangfald, sa ho.

Sjølve signeringa fann stad på Sarpsborg Sjukeheim, som har arbeidd målretta med å rekruttera tilsette med ulik bakgrunn. Dei har tilsette frå 15 ulike nasjonalitetar, og Lysbakken fekk møte to av dei; fagansvarleg Dobrinka Liptcheva og teamleiar Mergita Jupolli. Jupolli har bakgrunn frå Kosovo, og trur ordninga vil fungera. – Det skal ikkje vera nødvendig å endra namn for å få jobb, seier ho.