Samlingar er ein del av det fleirårige kompetansehevingsprogrammet til IMDi.
Det overordna temaet for samlingane i 2016 er arbeidsretta kvalifiseringsløp.

Målet er å komme fram til tilrådingar for godt fagleg kvalifiseringsarbeid som kan vere eit nyttig og praktisk verktøy for kommunane. Det skal vi gjere gjennom ein læringsverkstad med døme på god praksis, innlegg i plenum og gruppeprosessar.

Målgruppa for samlinga er først og fremst programrådgivarar og andre tilsette i kommunane som jobbar med å kvalifisere flyktningar og innvandrarar i Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold. I tillegg vil det vere aktuelt for samarbeidspartnarar ved fylkesmenn, NAV Fylke, fylkeskommunar, KS og Vox.

Samlingar