Nytt busetjingsbehov i 2016 og 2017

Både i år og neste år vil det vere behov for å busetje færre flyktningar enn ein først trudde. Likevel skal kommunane ta imot fleire enn nokon gong desse to åra. Utfordringa framover gjeld særleg busetjing av einslege mindreårige flyktningar under 15

Sist oppdatert: 4. august 2016

Det var Nasjonalt utval for mottak og busetjing som fastslo det nye behovet på møtet sitt 24. juni.

Når målet i år

Utvalet har justert ned talet på flyktningar som skal busetjast i år, frå 18 000 til 16 000. Sjølv om få flyktningar var klare til å bli busette ved starten av året, reknar IMDi med å busetje alle 16 000 i år. Det blir ny rekord i talet på busette på eitt år.

– Kommunane fortener stor takk for viljen og evna til å busetje alle som har behov for det, seier IMDis direktør Geir Barvik, som òg leier Nasjonalt utval.

Endeleg tal for 2017 kjem i september

Utvalet reduserer òg estimatet på kor mange som må busetjast neste år, frå 21 000 til 13 000–15 000. Det endelege måltalet for 2017 vil bli presisert i oppmodingsbrevet til kommunane som blir sendt ut i september.

– Slik det ser ut no, vil behovet for å busetje flyktningar i 2018 og framover vere mindre i år og neste år, men denne vurderinga er langt frå sikker, seier Barvik.

Det reduserte behovet heng saman med to ting: Det kjem få asylsøkjarar til Noreg no, og UDI rekk ikkje å behandle alle asylsøknader like raskt.
Samtidig er behovet for å integrere dei mange som blir busette, stort og aukande.

– Å bli busett er berre det første leddet i integreringskjeda. Kvalifisering, utdanning, arbeid og deltaking i lokalsamfunnet, mellom anna gjennom frivillige organisasjonar, er heilt nødvendige skritt vidare. Når rekordmange blir busette, ligg det i korta at fleire krefter må setjast inn i integreringsarbeidet, seier Barvik.

Treng alle plassar til einslege mindreårige

Samla vil det vere behov for å busetje om lag 4400 einslege mindreårige i år og neste år. Sjølv om behovet for å busetje einslege mindreårige er lågare enn ein først trudde, treng ein alle dei plassane kommunane har vedteke for denne gruppa.

– Mange kommunar har vist imponerande vilje til å busetje einslege mindreårige flyktningar. I år vil dei ta imot fleire enn det no er behov for. Samtidig manglar vi plassar for dei som skal busetjast i 2017. Vi ber derfor kommunane om å overføre overflødige plassar til neste år, seier IMDis direktør Geir Barvik.

Den største utfordringa er dei minste

Det er særleg krevjande å finne nok plassar til einslege mindreårige flyktningar under 15 år. 430 barn skal busetjast i år, og det manglar framleis rundt 60 plassar til desse. Neste år skal 770 barn under 15 år busetjast.

– IMDi vil i dialog med kommunane leggje særleg vekt på kor viktig det er å skape nye heimar for dei yngste flyktningane, seier IMDis direktør Geir Barvik.

Fant du det du lette etter?