Rapporten er laget av Institutt for samfunnsforsking på oppdrag fra IMDi.

Funn frå rapporten:

  • Gjeld mange: Stadig fleire barn i Noreg er knytte til andre land gjennom livsløpet. Institutt for samfunnsforsking har undersøkt utflytting og retur for barn med bakgrunn frå 15 land utanfor EØS. Av dei om lag 6000 barna som var registrert utflytta ved inngangen til 2012, hadde 30 prosent bakgrunn frå Somalia.
  • Grunnane til å dra er forskjellige: familie, økonomi, skulegang, identitetsstyrking eller disiplinering. Barn og unge reiser som oftast til opphavslandet til foreldra eller til Storbritannia, viser rapporten.
  • Må ikkje tvingast: Forskarane har intervjua foreldre og barn med erfaring frå lengre opphald i Somalia og Pakistan. Dei som blei intervjua, gir samstemte råd til dei som vurderer eit utanlandsopphald: Barna må ikkje tvingast til å reise. Dei må ikkje bu åleine utan familien, og opphaldet bør tilpassast livsforma dei kjenner frå Noreg. Kvalitet i skuletilbodet er òg heilt avgjerande for utbytet til barnet på sikt.
  • Samansette erfaringar: Mange barn med somalisk bakgrunn fortel at utanlandsopphaldet har gitt dei ein sterkare identitet som norsk-somaliarar. Fleire med pakistansk bakgrunn synest det har vore krevjande å kombinere oppvekst og skulegang i to land. Tilbake i Noreg er manglande norskkunnskapar hovudutfordringa. Også rektorane og rådgivarane som forskarane har snakka med i Noreg, er særleg opptekne av språkutviklinga.
  • Rettslege utfordringar: Rapporten stadfestar at ein del foreldre bruker utanlandsopphald for å få meir kontroll over barna sine, som ei løysing på familiekonfliktar eller på åtferdsproblem.

Se flere rapporter om

barn og oppvekst .