Det er firmaet Red Tape Crossing AS som har levert rapporten som ein del av IMDi sitt FoU-prosjekt "Skriftlig språkstøtte på arbeidsplassen for innvandrere".

Red Tape Crossing AS fann tidleg i prosjektet at temaet er både undertematisert og understudert. Det finst omtrent ikkje noko forsking eller skildring av praksis, korkje i Noreg eller i utlandet. Utfordringane arbeidsgjevarar og arbeidstakarar møter er generelle og har store likheitstrekk, mens løysingane i hovudsak er individuelle og improviserte.

14 prosent av innvandrarar i Noreg har høgare utdanning. Samanlikna med resten av befolkninga, er denne delen dobbelt så høg. Innvandrarar er oftare overkvalifiserte for jobben dei har.  

Behov for tiltak

Rapporten konkluderer med at det finst eit behov; god praksis kan gjere arbeidskvardagen enklare og meir effektiv for alle involverte.

I dei aller fleste tilfella viser den til situasjonar og løysingar som like gjerne kunne gjelde for andre tilsette, som til dømes nytilsette. "En skrivebordsjobb" viser til ein serie funn og innsikter relatert til språkkjensle, sosialt samspel, organisatoriske trekk og individuelle teknikkar.

Red Tape Crossing AS oppsummerer funna i tre punkt:

  • Temaet skriftproduksjon på arbeidsplassen for tilsette som har lært norsk i vaksen alder er undertematisert. Feltet er prega av individuelle og ad hoc-prega løysingar på eit i nokon grad gjennomgåande fenomen.
  • HR-avdelinga sine generelle verkty vil i stor grad treffe òg for denne gruppa, uavhengig av om ein har spesifikke verkty for mangfald på arbeidsplassen. Det handlar i stor grad om opplæring på arbeidsplassen, generelle rutinar for kvalitetssikring og godt arbeidsmiljø. Gode organisasjonar får det beste ut av dyktige medarbeidarar som ikkje skriv perfekt.
  • Respondentane i undersøkinga har klart seg bra, og har gode og praktiske råd både til arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.

Se flere rapporter om

arbeidsliv .