Ti års erfaringer: en kunnskapsstatus om introduksjonsprogram og norskopplæring for innvandrere

Introduksjonsprogram har stort sett vore vellukka sidan det vart innført for ti år sidan. Samstundes er det rom og behov for å utvikle programmet vidare.

Utgitt: 2015

Rapporten går igjennom forskinga på implementering, resultat, og brukarerfaringar med introduksjonsprogram, og peikar på kunnskapshòl.

Ifølgje rapporten er det grunn til å tru at introduksjonsordninga sett under eitt er meir effektiv enn den kvalifiseringsinnsatsen som vart gjort før ordninga vart innført. Mange kommunar la om integreringsarbeidet sitt betrakteleg då introduksjonsordninga vart innført. Samstundes varierer resultata til dels monaleg mellom kommunar. Noko av dette skuldast eigenskapar ved deltakarane, trekk ved kommunen og kvaliteten på kommunane sitt integreringsarbeid.

Rapporten peikar på at det framleis manglar kunnskap kring ordninga. Det gjeld mellom anna korleis ein bør etablere gode tilbod i kommunen som er individuelt tilpassa og av høg kvalitet, og kva effekt introduksjonsprogram har på overgang til arbeid eller utdanning.

Mange kommunar gjev enno ikkje et tilstrekkeleg utval av kvalifiseringstilbod. Det er òg utfordringar knytt til einskilde grupper i programmet. Fafo peikar på at nokre grupper har låg deltaking utan at ein veit særleg mykje om desse gruppene.

Fafo peikar på at resultat særleg heng saman med lokale tiltak som arbeidsretting, heildagstilbod med høg kvalitet, god individuell oppfølging, og samarbeid med friviljug sektor. Kvar programmet er organisatorisk forankra ser ikkje ut til å ha noko å seie.

Rapporten avdekkjer nokre mønster i sjansen for at programdeltakarar går over til arbeid eller utdanning. Noko over seks av ti tidlegare deltakarar er i arbeid eller utdanning, fleire menn enn kvinner, og det gjeld for fleire yngre enn eldre.

Se flere rapporter om

introduksjonsprogram og norskopplæring.

Fant du det du lette etter?