Denne sida gir eit overblikk over hovudtrekka i rappporten.

Busette flyktningar

Busettinga i 2015 vart rekordhøg med 11 342 busette flyktningar. Dette er 46 prosent fleire enn i 2014 og 73 fleire enn i 2013.

Av dei busette i 2015 vart 75 prosent busett frå mottak, 20 prosent var overføringsflyktningar, og 3 prosent oppheldt seg utanfor mottakssystemet før busetting. I tillegg vart det busett 74 personar med skjerma identitet.

Dei største nasjonalitetsgruppene blant alle busette flyktningar er syrarar (33 prosent) og eritrearar (29 prosent). Blant busette einslege mindreårige er det eritrearar (40 prosent) og afghanarar (39 prosent) som er dei største gruppene.

Gjennomsnittleg ventetid for alle som vart busett i 2015 ligg på 8,4 månader.

Flyktningar i mottak

Ved årsskiftet var det til saman 3 479 personar i mottak som hadde eit vedtak som gir grunnlag for busetting. Den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald var på 6 månader.

Eritrearar held fram med å vere den største nasjonalitetsgruppa, og utgjer 43 prosent av personene i mottak. Deretter kjem syrarar (16 prosent) og afghanarar (10 prosent). Blant einslege mindreårige er afghanarar den største gruppa (53 prosent).

Nøkkeltal for busetting av flyktningar i 2015
KategoriTal på busette personar i 2015Tal på personar i mottak ved utgangen av 2015  
Einslege vaksne 5 148 2 216
Familiar med born 4 833 612
Einslege mindreårige 691 555
Familiar utan born 596 96
Totalt 11 342* 3 479
Totaltalet inkluderer 74 personar med skjerma identitet.

Se flere rapporter om

bosetting  og  imdis arbeid .