Libe Rieber-Mohn blir ny direktør for IMDi

Libe Rieber-Mohn er i statsråd 17. juni utnemnd som ny direktør for IMDi. – Som avtroppande IMDi-direktør vil eg gratulere Libe Rieber-Mohn med tilsetjinga og ønskje henne velkommen til IMDi, seier Geir Barvik.

Sist oppdatert: 17. juni 2016

Les meir om utnemninga på regjeringen.no.

– Libe Rieber-Mohn vil få tilsette med seg på laget som har høg kompetanse, sterk vilje og stort pågangsmot til å møte dei utfordringane integreringsfeltet står overfor, seier Barvik.

Barvik peiker på at både direktoratet og utfordringane har endra seg kraftig dei åra han har vore i IMDi.

– Vi har klart å utvikle eit sterkt og forpliktande samarbeid med kommunane, og det har bidrege til at dei i langt større grad ser på det å ha eigarskap til og leiarskap for busetjings- og integreringsutfordringane som ein naturleg og integrert del av dei kommunale velferdstenestene, seier Barvik.

Den sterke auken i talet på busette seier mykje: I 2010 blei 5800 flyktningar busette, i 2015 var talet 11 700 – meir enn dobbelt så mange. I år har kommunane vedteke å busetje over 16 400 flyktningar, nok til å dekkje behovet. Stadig fleire kommunar planlegg langsiktig og vedtek busetjing på det nivået IMDi ber om: 264 kommunar i 2015 mot 141 kommunar i 2014.

– For meg er det svært tilfredsstillande å konstatere at det høge busetjingsnivået blir nådd innanfor frivilligheitsmodellen. Gjennom tett samarbeid med KS og auka politisk merksemd som følgje av flyktningstraumen i fjor har kommunar og innbyggjarar blitt meir bevisste om behovet for å hjelpe menneske i nød, seier Barvik.

God integrering skjer lokalt og stiller store krav til kompetanse og fokus i alle samfunnssektorar, særleg velferdssektorane.

– IMDi har bidrege til eit stadig meir forpliktande samarbeid om integreringsutfordringane, saman med NAV, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. IMDi har òg bidrege til betre bruk av fylkesmannen sin kompetanse på regionalt og fylkesvis samarbeid. Saman med KS og fylkeskommunane vil dette statlege samarbeidet vere avgjerande i møtet med dei framtidige integreringsutfordringane. Eg ønskjer Libe Rieber-Mohn og IMDi lykke til, seier Barvik.

Fant du det du lette etter?