Språkpraksis i Grimstad: Rett deltakar til rett bedrift

Arbeidet med deltakarar i introduksjonsprogram i Grimstad har eit ope fokus. Borte er sy- og strikkekurs; no skal alle ut på ein arbeidsplass for å snakke norsk! Det gjer dei gjennom tre til fire semester – også i alle skuleferiane.

Oppsummering

  • Utfordring:

    I Grimstad må du yte for å nyte. Frå dag éin. Med eller utan språk.
  • Tiltak:

    Språkpraksis til alle deltakarar i introduksjonsprogrammet innan seks månader
  • Resultat:

    Åtte av ti i arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram

Sist oppdatert: 11. mai 2016

Se flere eksempler tagget med

Kommuner, Introduksjonsprogram, Lære norsk, Ut i arbeid
Veiledere fra Grimstad

Det er marknadsavdelinga i NAV Grimstad som har ansvar for introduksjonsprogrammet i kommunen. Der jobbar det fire rettleiarar som mellom anna har som oppgåve å finne språkpraksisplassar til alle dei 150 deltakarane i programmet. Dette organisatoriske grepet meiner dei har bidrege til å kunne halde på det opne fokuset.

– Vi ser på oss sjølve som seljarar som er frimodige nok til å jobbe ut mot bedrifter på vegner av dei nye innbyggjarane i Grimstad, seier Elisabeth Lehland, introrettleiar i NAV Grimstad.

Språkpraksis til alle introdeltakarar

Målet med å vere i språkpraksis er først og fremst å betre nivået i munnleg norsk. Deltakarane får òg eit norsk nettverk gjennom praksisplassane, dei får noko å setje på CV-en, og dei kan få seg jobb dersom dei viser evne og vilje til det. Derfor skal alle deltakarar i introduksjonsprogrammet i språkpraksis – ikkje berre dei som har arbeid som mål i individuell plan, men òg dei som går eit utdanningsløp.

– Fleire av arbeidsgivarane vi samarbeider med, tilbyr jobb til deltakarane. Det er gunstig for personar som går eit arbeidsretta program, og heilt nødvendig for deltakarar som treng finansiering til vidare utdanning gjennom ein ekstrajobb, seier Lehland.

Tiltaket kan i større eller mindre grad innehalde element av arbeidspraksis, men i Grimstad har dei valt å kalle det språkpraksis.

– Vi vil ikkje at det skal konkurrere med ordinære praksisplassar som bedrifter stiller med. Dessutan gir det bedriftene ein indikasjon på kven som deltek i praksis: personar som er nykomne, og som skal lære seg norsk for å kunne delta i arbeidslivet, forklarer Lehland.

NAV Grimstad har ulike mål med språkpraksisen, alt avhengig av kva mål den enkelte har i den individuelle planen for programmet, utdanningsnivå og arbeidserfaring:

  • Somme byter språkpraksis kvart semester for å prøve seg i ulike yrke og byggje nettverk og eigen CV.
  • Enkelte begynner i kommunal plass (til dømes barnehage) fordi språknivået er svært lågt i starten.
  • Andre blir verande i den same språkpraksisen for å tileigne seg god nok kompetanse til å kunne gå over i betalt arbeid i bedrifta etter at programmet er ferdig.
  • For deltakarar som vil krevje ekstra oppfølging av arbeidsplassen, og for personar med funksjonshemmingar eller åtferdsvanskar, kan det vere vanskeleg å finne ein praksisplass. Då bruker NAV Grimstad ekstratilskot frå IMDi for å kjøpe tiltaksplassar i verna bedrifter eller tiltaksarrangørar som NAV har ein avtale med frå før.

Fagleg oppfølging av deltakaren

Introduksjonsprogrammet i Grimstad bruker Migranorsk som hjelpemiddel før deltakaren tek til i språkpraksis. Det er eit godt verktøy for å bli kjend med arbeid og yrke i Noreg.

Dei har kjøpt inn og laga biletordbøker for enkelte yrkesgrupper, til dømes innanfor reinhald, barnehage og kjøkken- og vaktmeistertenester. Desse hefta får deltakarane utlevert før dei kjem til bedrifta. I hefta er det bilete av mellom anna reiskapar som dei treng i praksisen, men som dei kanskje ikkje har lært om på skulen. I tillegg står ordet på norsk og med ei linje til å fylle ut kva reiskapen heiter på morsmålet til deltakaren.

Når dei er i språkpraksis, skal alle deltakarar ha med – og bruke – glosebok. Her skal dei anten sjølve eller med hjelp frå kollegaer eller ein pedagog frå vaksenopplæringa skrive ned nye ord, uttrykk og omgrep som blir brukte i bedrifta. Desse orda må dei lære til neste praksisdag. Det blir òg følgt opp i kurset «arbeidslivsnorsk», som er ein del av introduksjonsprogrammet.

Gode relasjonar viktigare enn avtalar

NAV Grimstad prioriterer å bruke mykje tid på å skape gode relasjonar til arbeidsgivarar. Det gjer dei ved hjelp av grundig førebuing og tett oppfølging av deltakarane i praksis og dialog med arbeidsgivarar om kva dei ønskjer, og kva som er viktig for dei.

– Vi presenterer godt førebudde deltakarar til den aktuelle bedrifta. Deltakarane skal vite kva som ventar dei, før dei møter arbeidsgivaren, og vi skal vite kva den enkelte bedrifta ønskjer og treng – og kva for deltakarar som vil kunne fungere godt hos akkurat denne bedrifta, seier Lehland.


Og når deltakarane tek til i praksis, er NAV tett på og følgjer opp bedrifta. Evne til å endre kurs dersom noko ikkje fungerer, er avgjerande for å lykkast.

– Vi ringjer og spør: Korleis har starten vore? Er det noko som bør justerast? Bedriftene kan òg kontakte oss dersom det er ting dei vil at vi skal prøve å jobbe meir eller betre med – gjerne så tidleg som mogleg etter oppstarten, slik at vi får luka bort irritasjonsmoment, seier Lehland.

Dei har valt å gi mange bedrifter éin fast kontaktperson, og alle rettleiarar bruker mobiltelefon, slik at bedriftene skal sleppe å ringje 55-nummeret på NAV.

– På den måten blir det lettare å byggje relasjonen. Kontaktpersonen veit kva den enkelte bedrifta ønskjer, og kva krav ho stiller, og det blir enklare å få oversikt, seier Lehland.

Ho fortel at dei ikkje har nokon formelle avtalar med bedrifter om språkpraksis. Dei ønskjer nemleg ikkje å krevje at ei bedrift kan stille opp med så og så mange praksisplassar. Ifølgje Lehland har dei heller ikkje hatt behov for det, for det har aldri vore noko problem å skaffe språkpraksisplassar.

– Vi ser på praksisplassar som ei «ferskvare» og er alltid på utkikk etter bedrifter som kan passe for deltakarane vi har akkurat no. Vi ringjer til og besøkjer potensielle bedrifter, følgjer med kva avisa skriv om behovet for arbeidskraft, og jobbar med å byggje gode relasjonar, seier ho.

Fjern hindringar før utplassering

NAV Grimstad bruker mykje tid på å førebu deltakarane, og dei må igjennom mange etappar før dei er ute i praksis, fortel Lehland.

– Vi prøver å identifisere og fjerne hindringar og humpar i vegen før utplassering. Er arbeidsgivaren nøgd, er sjansen større for at deltakaren får behalde praksisplassen, og det kan òg gi fast arbeid på sikt, seier Lehland.

Dei bruker mellom anna AMO-kurset til NAV for å førebu deltakarar til praksisplass i ønskt bransje.

– Vi veit til dømes at det ikkje har noko for seg å sende nokon til ASKO utan truckførarbevis. Då kjøper vi det til deltakarar som ønskjer seg og er eigna til praksis der, og presenterer dei som praksiskandidatar til bedrifta etter at truckførarkurset er i boks, seier Lehland.

Hindringar i vegen kan òg vere av meir praktisk art. Det har NAV Grimstad òg ei løysing på: Dei kjøper inn klede og sko ved behov, til dømes regntøy, varmedress, lue, vottar og inne- og utesko, til deltakarar som skal ha språkpraksis i barnehage. Dei dekkjer òg busskort for deltakarar som har språkpraksis fire kilometer eller meir frå bustadadressa si, og dei viser haldeplassane for av- og påstiging når ein deltakar skal ta buss til bedrifta.

Men det er ikkje berre deltakarar som skal førebuast til språkpraksis; NAV Grimstad gir òg grundig rettleiing til bedriftene som stiller med plassar.

– Vi forklarer kva introduksjonsprogram og språkpraksis er, kva bedrifta kan vente av den enkelte deltakaren og av oss – og kva vi ventar av bedrifta. Bedrifta skal til dømes vite at språkpraksis ikkje kan utførast på laurdagar og søndagar, og at deltakarar ikkje kan utføre arbeidsoppgåver åleine, seier Lehland.

Elisabeth Lehland fra NAV Grimstad, Ken Åstrøm fra McDonald's i Grimstad, og Million Kiros, tidligere språkpraksisdeltaker og nå ansatt i McDonald's. Foto: Marie Hatlevoll/Agderposten Million Kiros på på jobb i McDonald's. Foto: Marie Hatlevoll/Agderposten
NAV Grimstad har mellom anna etablert eit samarbeid med McDonald’s om formidling av språkpraksisdeltakarar som fører til jobb i andre enden. Det er utarbeidd opplæringsmateriell på morsmålet til deltakaren. Dette programmet er vidareført til McDonald’s-restaurantar på heile Sørlandet: NAV Grimstad formidlar flyktningane til språkpraksis, og alle dei fire restaurantane tek i bruk denne metodikken. På bileta: Elisabeth Lehland, introrettleiar i NAV; Ken Åstrøm, driftssjef for McDonald’s på Sørlandet, og Million Kiros, tidlegare deltakar i språkpraksis og no tilsett i McDonald’s Grimstad. Foto: Marie Hatlevoll / Agderposten

Språkpraksis i Grimstad: Slik er løpet

Deltakarane skal komme i gang med språkpraksis så raskt som mogleg. Alle skal ut på ein arbeidsplass innan seks månader etter at dei tok til på introduksjonsprogrammet, uavhengig av om dei kjem til kommunen frå mottak i Noreg eller direkte frå utlandet som overføringsflyktningar eller familiegjenforeinte til flyktningar.

  • Språkpraksis blir nemnt alt under den første kartleggingssamtalen mellom deltakaren og rettleiaren. Her skal deltakaren foreslå tre bransjar ho eller han kjenner til, vil sjå nærmare på eller ønskjer språkpraksis i. Deretter skal deltakaren levere namn på inntil ti lokale bedrifter i bransjen eller bransjane dei vil begynne i. Det skal deltakaren i utgangspunktet finne sjølv, men her kan rettleiaren bidra med forslag.
  • Rettleiaren bruker mykje tid på å førebu deltakaren på kva det å vere i språkpraksis inneber. Gjennom samtale med rettleiaren – og med kvalifisert tolk – prøver deltakaren å svare på følgjande spørsmål:
    • Har du erfaring frå / utdanning innanfor bransjen/yrket?
    • Korleis er dette yrket utført i heimlandet ditt? Korleis ser du for deg at yrket er i Noreg?
    • Er du innstilt på å få ein kvinneleg sjef?
    • Veit du at bransjen kan krevje uniform (t.d. helse og omsorg)? Har du kjennskap til bruk av hijab i yrket (t.d. kjøkkenassistent)?
    • Kva tenkjer du om arbeidstida i denne språkpraksisen (t.d. reinhald)?
    • Kva trur du er forskjellen på språkpraksis og ein betalt jobb (forventingar om lønn i tillegg til introduksjonsstønad)?
    • Forstår du at ein må vere mobil for å få språkpraksis og eventuelt jobb (utanfor Grimstad kommune)?
    • Er du open for språkpraksis på ettermiddags-/kveldstid?
    • Er det noko ved heimesituasjonen din vi bør ta omsyn til (t.d. åleineforelder og opningstidene til barnehagen)?
    • Ønskjer du språkpraksis éin eller fleire dagar? Dersom du har språkpraksis fleire dagar, er det aktuelt for deg å ta norskkurs to ettermiddagar i veka?
  • Dersom deltakaren framleis ønskjer seg praksis i den konkrete bransjen, kontaktar NAV aktuelle bedrifter som deltakaren kan passe inn i.
  • Etter at ei bedrift har takka ja til å ha deltakaren i språkpraksis, avtaler NAV eit møte mellom kontaktpersonen til bedrifta og deltakaren. Dei møtest i bedrifta, og rettleiaren er med saman med deltakaren.
  • Rettleiaren lagar ein skriftleg avtale om språkpraksis mellom deltakaren og kontaktpersonen i bedrifta. Avtalen gjeld vanlegvis for eit semester dersom ikkje noko anna er avtalt. Her kan du laste ned eit døme på ein avtale om språkpraksisplass.
  • I byrjinga av praksisen er NAV tett på. Dei følgjer opp bedrifta og snakkar med kontaktpersonen der om korleis det fungerer, om progresjon, initiativ, sjølvstendigheit, språkutfordringar, misforståingar, det sosiale, arbeidsmoral, arbeidstida og høvet til å gå over i betalt arbeid.
  • Når ting glir godt, tek vaksenopplæringa over med fagleg oppfølging. Språkpraksis blir teke opp i samtalar mellom rettleiaren og deltakaren og i trekantsamtalar der også kontaktlæraren til deltakaren i vaksenopplæringa er til stades.
  • Kontaktpersonen i bedrifta skal signere timelista for språkpraksisdeltakaren. Ved avvik (til dømes manglande oppmøte over tid) skriv NAV varsel om stans av programmet. Dersom det skjer fleire gonger, blir det ein mellombels stans i 1–3 månader.
  • Ved avslutning av språkpraksisen sørgjer deltakaren eller NAV for attest/arbeidsstadfesting. Ein spør om kontaktpersonen kan førast opp som referanse i seinare søknader.
  • Dersom bedrifta ønskjer å ta deltakaren inn som vikar, gir NAV permisjon frå introduksjonsprogrammet.

Vil du vite mer om hvordan de jobber med språkpraksis i Grimstad? Kontakt dem og spør om tips.

Elisabeth Lehland, introveileder i NAV

Telefon

41 32 68 71

Model.ImageAltText
Lær fra andre kommuner:

Fast jobb er målet

I Trondheim blir Kvalifiseringssenteret for innvandrere sett på som rekrutteringspartner for bedrifter. Det er resultatet av et systematisk arbeid mot arbeidsgivere. Praksisplass er aldri et mål i seg selv.

Fant du det du lette etter?