Dei første månadene i år har kommunane hatt kapasitet til å busetje fleire flyktningar enn dei som venta på mottak utan nokon tildelt busetjingskommune. Som tidlegare varsla er situasjonen no i ferd med å snu: UDI har fått større kapasitet til å behandle asylsøknader, og i tillegg behandlar direktoratet fleire av sakene der søkjaren mest sannsynleg vil få opphald. Det vil seie at det blir stadig fleire flyktningar på mottak som IMDi kan tildele ein busetjingskommune.

IMDi vil prioritere å fordele så mange flyktningar som mogleg til kommunane før sommarferien. Regionkontora våre vil halde saksbehandlingskapasiteten oppe gjennom heile sommaren, slik at flyktningar blir fordelte til kommunane utan pause. Ved fordeling av flyktningane til kommunane vil IMDi framleis prioritere kommunar som buset raskt og har stor kapasitet.

Bufellesskap for einslege vaksne

Den største gruppa av dei som skal busetjast frå mottak, vil framleis vere einslege vaksne. Blant overføringsflyktningar er dei fleste familiar. Kommunar som har ledige bustader, men som ikkje får flyktningane dei hadde sett for seg, kan sjå om bustadene kan brukast til bufellesskap for einslege vaksne.

I dei tilfella der det ikkje er mogleg å finne noka løysing på kort sikt, tilrår IMDi at andre grupper som har behov, får disponere ledige bustader.

Raskare busetjing av einslege mindreårige

Det er viktig at kommunane no legg til rette for rask busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Samla vil det vere behov for å busetje om lag 4400 einslege mindreårige i år og neste år. Dersom kommunen får til rask busetjing av einslege mindreårige mot slutten av året, bør det vere mogleg å busetje til saman 2100 i 2016.

Så langt har kommunane vedteke å busetje 2800 einslege mindreårige flyktningar i år. Sjølv om behovet for å busetje einslege mindreårige er lågare enn ein først trudde, treng vi alle dei plassane kommunane har vedteke for denne gruppa.

Den største utfordringa er dei minste

Det er særleg krevjande å finne nok plassar til einslege mindreårige flyktningar under 15 år. 430 barn skal busetjast i år, og det manglar enno rundt 60 plassar til desse. Neste år skal 770 barn under 15 år busetjast.

Dei siste prognosane viser at det er behov for å busetje om lag 1810 einslege mindreårige flyktningar. Om lag 430 av dei er under 15 år. Behovet for plassar til einslege mindreårige over 15 år i 2016 er dekt, men vi manglar framleis plassar til dei under 15 år.

IMDi vil ta kontakt med aktuelle kommunar om fordelinga mellom plassar for einslege vaksne og familiar og plassar for einslege mindreårige.