Kommunane kan gjere registreringa både direkte i NIR og via sitt fagsystem. 

Det er ikkje krav om slik registrering for å få tilskot for personar som fekk rett eller rett og plikt til opplæring før 2018. Kravet gjeld heller ikkje for utbetaling av grunntilskot i 2018. Les meir om tilskot til norskopplæring her

For å få tilskot til opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, må kommunen som før registrere i NIR at den tilbyr opplæringa. Denne registreringa er ikkje på personnivå, men gjeld alle personar i målgruppa for opplæringa.