Last ned

Bruk av tolk i barnevernet (PDF, 2 MB)

Resultata er innhenta dels gjennom ei kvantitativ postal surveyundersøking til 1007 tilsette innanfor barnevernet, og dels gjennom to fokusgruppeintervju der i alt 16 av respondentane frå den kvantitative undersøkinga har delteke.

Føremålet med undersøkinga har vore å kartlegge tolkebruken, og å auke medvitet rundt bruken av tolk innanfor barnevernets første- og andrelineteneste.

Hovudfunna i rapporten:

  • Ein femtedel av dei spurde svarar at dei har unnlate å bestille tolk i høve der dei har hatt behov for det. Kvar fjerde barnevernstilsett opplever at det nyttast tolk for sjeldan i høve til behovet på sin arbeidsstad. Underforbruket er tydelegast i institusjonane. Dei fleste tilsette i barnevernet, uansett arbeidsstad, ser at manglande bruk av tolk kan ha klare negative konsekvensar, mellom anna ved at familiane ikkje får den informasjonen dei har krav på, og at kvaliteten på samarbeidet med familiane vert redusert.
  • Over halvparten har rutinar for tolkebruk på arbeidsplassen. Særleg er det vanleg med rutinar innanfor det kommunale barnevernet. Rutinane gjeld bestilling av tolk, betaling for tolkebruk og kvar det bestillast tolk frå. Men det er lite rutinar for å sjekke tolkenes kvalifikasjonar. Samstundes har nesten halvparten av dei spurde opplevd at ein samtale har vore vanskeleg å gjennomføre som ei følge av tolkens manglande dugleik.
  • De færraste hadde fått nokon opplæring i tolkebruk, verken som del av utdanninga si eller på arbeidsplassen. Dei barnevernstilsette ønsker både meir informasjon om viktigheita av å bruke tolk og meir praktisk opplæring i kommunikasjon via tolk i det daglege arbeidet.

Se flere rapporter om

tolk.

Last ned

Bruk av tolk i barnevernet (PDF, 2 MB)