Last ned

Bruk av tolk i straffesakskjeden (PDF, 3 MB)

Straffesakskjeda består av politi- og lensmannsetaten, påtalestyresmakta, domstolane og kriminalomsorga. Til saman har 1029 personar svart på undersøkinga.

Dei mest sentrale funna er:

  • Rundt ein tredjedel svarar at dei nyttar tolk i alle høve der det har vore behov. Vel ein av ti svarar at dei ikkje har nytta tolk i nokre av høva der det har vore eit behov.
  • Eit fleirtal av dei spurde, 61 prosent, meiner at det nyttast tolk akkurat så ofte som det er behov for det ved sin arbeidsstad.
  • Det er størst del som meiner det nyttast tolk i tilstrekkeleg grad innanfor domstolane, medan delen er lavast innanfor kriminalomsorga. Domstollovas avgjerd om bruk av tolk har sannsynlegvis noko å seie for at domstolane har ein meir konsekvent bruk av tolk enn dei andre arbeidsstadane.
  • Svara frå kriminalomsorga viser at berre 34 prosent nyttar tolk når det er behov for det. Samstundes innrømmer 47 prosent av respondentane i kriminalomsorga at det nyttast tolk for sjeldan ved sin arbeidsstad.
  • Berre ein fjerdedel av utvalet oppgir at dei har rutinar for å sjekke tolkens kvalifikasjonar på sin arbeidsstad. Domstolane har i større grad eit rutinemesseg forhold til bestilling og bruk av tolk enn dei andre arbeidsstadane, men også her manglar det rutinar for kvalitetssikring av tolkinga. Nærare to tredjedelar av respondentane innanfor domstolane svarar at dei ikkje har faste rutinar for å sjekke tolkanes kvalifikasjonar.
  • De færraste har fått nokon konkret opplæring i bruk av tolk, og det synast å vere eit stort behov for meir opplæring hos mange som arbeidar innanfor straffesakskjeda.

 

Se flere rapporter om

tolk.

Last ned

Bruk av tolk i straffesakskjeden (PDF, 3 MB)