Toppleiarundersøkinga 2014

86 prosent av norske toppleiarar meiner innvandrarar sine mangelfulle språkkunnskapar er den viktigaste årsaka til at dei ikkje får jobb. Halvparten ber innvandrarar dokumentere norskkunnskapar i form av avlagde språktestar.

Utgitt: 9. november 2015

Det kjem fram i Toppleierundersøkinga 2014 som TNS Gallup har gjennomført på vegne av IMDi. Tidlegare utgåver av undersøkinga er lagt ved nedst på denne sida.

Undersøkinga syner at det er småe endringar i norske toppleiarar sine haldningar til integrering av innvandrarar i arbeidslivet jamført med tidlegare år.

Funn frå rapporten:

  • 78 prosent av leiarane meiner at mangelfulle norskkunnskapar gjer at dei ikkje får utnytta innvandrarane sine ressursar fullt ut. Samstundes er 59 prosent usamde i at arbeidsgjevarar har ansvar for at tilsette med mangelfulle norskkunnskapar får norskopplæring.
  • 40 prosent meiner at tilsette sine norskkunnskapar bør vektleggjast ved oppseiingar og permitteringar.
  • 59 prosent meiner at tilsette med innvandrarbakgrunn har ein kultur- og språkkompetanse som kjem verksemda til gode.
  • 62 prosent meiner fordomar blant arbeidsgjevarar er ein viktig årsak til at innvandrarar ikkje får jobb på et så høgt nivå som dei er kvalifiserte for.
  • Medan 60 prosent av toppleiarane meiner at alle arbeidsplassar bør arbeide for å ha innvandrarar blant tilsette og leiarar, er snautt halvparten (47 prosent) samde i at innvandrarar generelt ikkje vil passe inn i deira verksemd.
  • 29 prosent meiner at krav om å rapportere tiltak mot etnisk diskriminering i årsrapporten bidreg til å auke deira verksemd sin innsats for auka mangfald og inkludering av innvandrarar i arbeidslivet.

Om undersøkinga

Toppleiarundersøkinga kastar lys over norske toppleiarar sine haldningar til viktige problemstillingar knytt til integrering av innvandrarar i arbeidslivet. Den måler òg i kva grad haldningane endrar seg over tid. Undersøkinga er gjort sidan 2006, og frå 2012 vert den gjennomført kvart andre år.

I 2014 er datainnsamlingsmetoden endra frå telefonintervju til web-baserte verkty. På grunn av dette auka talet på toppleiarar som svara på undersøkinga: frå 2500 i 2012 til over 4000 i 2014.

Endring av datainnsamlingsmetode fører til at ein må utvise ei viss varsemd ved samanlikning med resultata frå tidlegare undersøkingar. Den største forskjellen mellom denne undersøkinga og tidlegare undersøkingar ligg i talet på verksemder med tilsette innvandrarar. Når det gjeld haldningsspørsmåla, er det ikkje tilsvarande forskjellar frå tidlegare år.

Her kan du laste ned undersøkingar frå tidlegare år:

Se flere rapporter om

arbeidsliv.

Fant du det du lette etter?