Eksperiment med tiltak for å auke valdeltakinga

Offentlege styresmakter gjennomfører tiltak for å auke valdeltakinga blant innvandrarar og andre. Institutt for samfunnsforskning har gjennomført ein effektstudie for å undersøke om ulike tiltak er effektive for å mobilisere folk til å stemme.

Utgitt: 9. mai 2016

I denne studien har Institutt for samfunnsforskning sendt ut brev og SMS til grupper av potensielle veljarar, medan andre, som ikkje har motteke tiltak, representerer kontrollgrupper. Studien vart gjennomført under kommune- og fylkestingsvalet i 2015 på oppdrag frå IMDi og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. 

Funna fra studien viser at det å motta ein SMS eller eit brev i forkant av valet har effekt for alle grupper, og at slike tiltak kan gjennomførast i større skala ved framtidige val. Aller størst effekt har tiltaka i grupper med lav valdeltaking i utgangspunktet; unge veljarar og innvandrarar som stemmer for første gong. Studien viser at det er særleg effektivt for innvandrarar med kort butid (over 3 år) å motta eit brev med oppmoding om å stemme. 

Rapporten er skriven på engelsk, med norsk samandrag.

Se flere rapporter om

holdninger og mangfold.

Fant du det du lette etter?