Kommunane sine utgifter i 2015 som vertskommunar for statlege mottak for asylsøkarar

Berekningsutvalet har kartlagt 15 kommunar sine utgifter som vertskommunar for ordinære statlege asylmottak i 2015.

Utgitt: 21. desember 2016

Hovudfunn frå kartlegginga:

  • Vertskommunetilskotet dekte 65 prosent av dei utgiftene det er meint å dekke i 2015. Utvalskommunane hadde til saman 43,7 millionar kroner i utgifter til helse, barnevern, tolk og administrasjon – mot 28,4 millionar kroner i tilskot. Helsetenester utgjorde over halvparten av utgiftene.
  • Frå 2015 til 2016 vart satsane for både grunntilskot og plasstilskot auka med 23,5 prosent. Tilskot ut frå prisjusterte 2016-satsar ville ha dekt 78 prosent av dei kartlagde utgiftene i 2015.
  • Det er store skilnader i dekningsgrad mellom kommunane. Særskilte kostnadsdrivarar er einskildsaker med tyngre behov, samt at nokre kommunar har eit meir omfattande helsetilbod med fleire årsverk dedikert til asylsøkarar.
  • Barnehagetilskotet for 4- og 5-åringar dekte 82 prosent av utgiftene dei er meint å dekke. Tilskotet til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg (grunnskuletilskotet) dekte samla sett 62 prosent av dei kartlagde utgiftene.

Tilrådingar

Kartlegginga skal gi eit sikrare grunnlag for å foreta eventuelle justeringar i tilskotsordningane. På kort sikt tilrår Berekningsutvalet ei vidareføring av dagens innretning på vertskommunetilskotet, men med ein ytterlegare oppjustering av satsane.

På lengre sikt tilrår utvalet å greie ut moglegheita for å utvide dagens refusjonsordningar til å omfatte fleire helse- og barnevernsutgifter der det er store utgifter knytt til einskildsaker. Utvalet tilrår vidare å innføre ein grunnsats i grunnskuletilskotet, samt å oppjustere satsen per undervisningsmånad.

 

Se flere rapporter om

tilskudd.

Fant du det du lette etter?