Last ned

Årsrapport for busetting 2016 (PDF, 2 MB)

Årsrapporten tek for seg tal for busette flyktningar i 2016 og flyktningar i mottak per 31.12.2016. Denne sida gir eit overblikk over hovudtrekka i rappporten.

Busette flyktningar

Busettinga i 2016 vart rekordhøg med 15 291 busette flyktningar. Det er om lag dobbelt så mange som i 2014 og om lag 4 000 fleire enn i 2015, som var førre rekordår.

Av dei busette i 2016 vart 75 prosent busett frå mottak, 21 prosent var overføringsflyktningar, og 3 prosent oppheldt seg utanfor mottakssystemet før busetting.

Dei største nasjonalitetsgruppene blant alle busette flyktningar er syrarar (55 prosent), eritrearar (19 prosent) og afghanarar (9 prosent). 66 prosent av syrarane vart busett frå mottak, medan 34 prosent kom som overføringsflyktningar.

Gjennomsnittleg ventetid for alle som vart busett i 2016 ligg på 4,8 månader. Dette er ein monaleg nedgang på 3,6 månader samanlikna med busettinga i 2015.

Einslege mindreårige

Av dei busette var 1 599 einslege mindreårige. Aldri tidlegare har det vorte busett så mange einslege mindreårige i norske kommunar i løpet av eitt år. Det er busett meir enn dobbelt så mange einslege mindreårige i 2016 samanlikna med førre år.

Blant busette einslege mindreårige er det afghanarar (56 prosent), eritrearar (24 prosent) og syrarar (15 prosent) som er dei største gruppene.

Nøkkeltal for busetting av flyktningar
KategoriTal på busette personar i 2016
Familiar med born 7 061
Einslege vaksne 5 907
Einslege mindreårige 1 599
Familiar utan born 673
Totalt 15 291*
Totaltalet inkluderer 51 personar med skjerma identitet.

Flyktningar i mottak

Ved utgangen av året var det 1 751 personar som venta på at IMDi skulle tildele dei ein kommune. I tillegg kjem dei som venta på busettingssamtale (573 personar) og dei med familiemedlemmar som ikkje skal busettast (175 personar). Samstundes var 1 675 tildelt ein kommune, men venta på å flytte til kommunen. Til saman var det difor 4 174 i mottak ved årsskiftet som hadde eit vedtak som gir grunnlag for busetting.

Syrarar held fram med å vere den største nasjonalitetsgruppa, og utgjer 61 prosent av personene i mottak. Deretter kjem iranare (9 prosent) og eritrearar (7 prosent). Blant einslege mindreårige er afghanarar den største gruppa (53 prosent).

Se flere rapporter om

bosetting og IMDis arbeid.

Last ned

Årsrapport for busetting 2016 (PDF, 2 MB)