– Vi ser at kommunane framleis får ein god, statleg dekning av meirutgifter til busetting, norskopplæring og integrering av flyktningar. Det er gode nyheiter, seier IMDis direktør Libe Rieber-Mohn. 

Berekningsutvalet, som består av medlemmar frå både stat og kommune, gjennomfører ei årleg kartlegging av kommunane sine utgifter. Utvalet ser dei kartlagde utgiftene opp imot integreringstilskotet og tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (norsktilskotet).

Funna er ein del av avgjerdsgrunnlaget når neste års satsar for tilskot skal fastsettast.

Hovudfunn

  • Kommunane har i gjennomsnitt utgifter på 795 800 kroner per flyktning i femårsperioden etter busetting
  • Integreringstilskotet dekker framleis over 90 prosent av kommunane sine utgifter til busetting og integrering i 2016. 
  • Kommunane har i gjennomsnitt utgifter på 1 234 900 kroner per einsleg mindreårig flyktning i femårsperioden etter busetting. 
  • Kommunene får dekt 58 prosent av sine utgifter til einslege mindreårige flyktningar i 2016 mot 71 prosent i 2015. 
  • Med ein klassestorleik på 15 elevar dekker norsktilskotet (høg sats) 1 100 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Høg busetting og liten vekst i utgifter

Fleire kommunar melder om noko oppbemanning innanfor tenestetilbodet til flyktningar i 2016 på grunn av høgare busetting dei siste to åra. Likevel er oppbemanninga relativ låg sett i samanheng med det høge talet på personar som vart busette i 2016 og 2015.

Utgifter til introduksjonsstønad aukar mest fordi det er fleire deltakarar i introduksjonsprogram. Kommunane sine utgifter til sosialhjelp, integreringstiltak og administrasjon aukar i liten grad. Årets funn kan dermed tyde på stordriftsfordelar ved høg busetting.

Utgifter til einslege mindreårige

For kommunane sitt arbeid med busetting og integrering av einslege mindreårige flyktningar var 2016 eit år utanom det vanlege. Utvalet si kartlegging viser ei større auke i utgifter per person i denne gruppa. Dette skuldast mellom anna at det vart busett langt fleire einslege mindreårige flyktningar i 2016 enn tidlegare år.

I startfasen krev denne gruppa ofte meir oppfølging frå tenesteapparatet i kommunen. I tillegg opplevde kommunar ledig kapasitet i bufelleskap og bustader fordi talet på einslege mindreårige vart langt lågare enn talet på plassar kommunane hadde vedtatt. Dette førte også til høgare utgifter per einsleg mindreårig flyktning.

Heilskapsbiletet for 2016 viser likevel at det var ei kraftig auke i talet på busette flyktningar, medan kommunane sine utgifter per flyktning ikkje auka like mykje.

– Dei to siste åra har kommunane vist ein imponerande vilje til å busette fleire flyktningar. Utvalets kartlegging nemner også eit meir effektivt integreringsarbeid, seier Libe Rieber-Mohn og minner samtidig om at investering i godt integreringsarbeid tyder fleire i jobb og innsparingar over sosialbudsjettet. 

Se flere rapporter om

bosettingEnslige mindreårige flyktninger og Tilskudd.