Burettleiing og rettleiing i bustadkarriere for flyktningar

Individuelt tilpassa rettleiing og langsiktigheit i arbeidet er ein suksessfaktor i arbeidet med å få flyktningar vidare i eigen bustadkarriere. Det er eitt av funna denne rapporten om burettleiing og rettleiing i bustadkarriere for flyktningar.

Utgitt: 20. april 2017

Rambøll har på oppdrag for IMDi samanstilt erfaringar og kunnskap om korleis kommunane kan tilby flyktningar burettleiing og rettleiing i bustadkarriere, med særleg fokus på korleis dette kan tilbydast som ein del av introduksjonsprogrammet.

Rambøll har også identifisert gode grep som kommunane kan ta i bruk for å hjelpe flyktningar til å verte sjølvhjulpne på den private eige- eller leigemarknaden. Desse er samla i eit eige erfaringshefte. 

Utfordringar og moglegheiter

Rambøll har hatt fokus på å avdekke kva kommunane opplever som utfordringar og moglegheiter knytt til å gjere flyktningar sjølvstendige på bustadmarknaden. Dette er nokre av hovudfunna:

  • Kommunane finn det nyttig å inkludere temaet bustad i introduksjonsprogrammet, og legg ofte rettleiinga rundt temaet til periodar der dei som jobbar med norskopplæring og kvalifisering har fri, men der det likevel er obligatorisk undervisning for programdeltakarane (som i haust-, vinter- eller sommarferiar).
  • Ein suksessfaktor i arbeidet med å få flyktningar vidare i eigen bustadkarriere er individuelt tilpassa rettleiing og langsiktigheit i arbeidet.
  • Når kommunane skal jobbe med sjølvstendiggjering av flyktningar på bustadmarknaden, er det viktig å også jobbe med å sikre ein differensiert bustadmarknad og tilknyting til arbeidsmarknaden. 
  • Det er eit unytta potensiale for samarbeid med friviljug sektor innan temaet bustadrettleiing og rettleiing i bustadkarriere. Kommunane samarbeider med friviljugheita om fritidsaktivitetar og integrering i nærmiljø, men det er ikkje så vanleg med samarbeid innan temaet bustad.
  • Personar som bur lenge i mottak bør i større grad sikrast opplæring i grunnleggande butilhøve før busetting i ein kommune. 

Gode grep frå kommunar

Med bakgrunn i funn frå hovudrapporten, presenterast gode grep frå ni kommunar i eit eige erfaringshefte. Kommunane er vald ut fordi dei har teke eitt eller fleire grep som har ført til gode resultat både for den einskilde kommune og flyktningane sjølv. Grepa som presenterast er frå følgande kommunar: Rana, Lillehammer, Flora, Larvik, Stjørdal, Grimstad, Tynset, Asker og Fauske.

Se flere rapporter om

bosetting.

Fant du det du lette etter?