Innvandrarorganisasjonar si rolle i integrering

Lokale styresmakter spelar ei viktig rolle som initiativtakar og tilretteleggar for møteplassar på tvers i befolkninga. Det et eitt av funna i denne rapporten om innvandrarorganisasjonar si rolle i integreringa.

Utgitt: 13. juni 2017

Fafo har på oppdrag frå IMDi undersøkt innvandrarorganisasjonar si rolle i det lokale integreringsarbeidet. Studien er basert på tilskot til lokale innvandrarorganisasjonar og friviljug verksemd i lokalsamfunn, og dei 20 kommunane som forvaltar tilskotet. Undersøkinga er gjort gjennom ei kartlegging, ein casestudie og gruppesamtalar med organisasjonar.

Rapporten ser nærare på:

  • Innvandrarorganisasjonar si tilnærming til samarbeid med kommunal forvaltning og andre lokale aktørar, og korleis representantar forstår rolla deira i integreringsprosessar
  • korleis desse kommunane utøver sitt forvaltaransvar, inkludert tilnærmingar og praksis til samarbeid med innvandrarorganisasjonar
  • faktorar som bidreg til samarbeid, og kva dette krevjer av innvandrarorganisasjonen og av kommunen

Hovudfunn og læringspunkt

Studien finn til dels store skilnader i kommunane sin forvaltingspraksis, særleg når det gjeld driftstilskot til innvandrarorganisasjonar. Dette forklarast med skilnader i korleis lokale forvaltarar forstår innvandrarorganisasjonar, og deira kjennskap til og kontakt med desse organisasjonane.

Lokale innvandrarorganisasjonar sett innanfrå

Representantar for lokale innvandrarorganisasjonar skildrar desse først og fremst som identitetsfellesskap. Dei oppgir at medlemmane mellom anna har behov for å møte folk dei kan dele minne, tradisjonar, språk og erfaringar med.

Ifølge innvandrarorganisasjonane er ikkje det å vere del av slike fellesskap ein motsetnad til å vere godt integrert, i tydinga arbeid, utdanning, språk og kontakt med majoritetssamfunnet. Tvert imot skildrast innvandrarorganisasjonane si rolle som viktig, ved at dei tilbyr trygge fellesskap og støtte som dannar basis for å inngå i samarbeidsrelasjonar med andre aktørar.

Innvandrarorganisasjonane skildrar offentlege tilskotsordningar som viktige, fordi dei fungerer som ein døropnar til lokale styresmakter. I denne samanhengen er det avgjerande å ha systemkompetanse i organisasjonane, og å kjenne folk i majoritetssamfunnet og hos lokale styresmakter. Slik kjennskap reduserer moglegheita for å gjere feil, men også mistru frå lokal forvaltning. Det aukar moglegheita for å kunne inngå i ein likeverdig relasjon.

Lokal forvaltning og innvandrarorganisasjonar

Nasjonale og lokale styresmakter forventar at sivilsamfunnet skal bidra til integrering gjennom nettverksbygging på tvers av grupper, slik at det utviklast tilhøyrsle og tillit. Studien finn at tillitstilhøve mellom lokal forvaltning og innvandrarorganisasjonar er ein viktig føresetnad for å få til slike møte på tvers.

Organisasjonane har ikkje dei naudsynte ressursar, kontaktar og systemkompetanse for å etablere aktivitetar og arrangement som famnar både minoritet og majoritet. Lokale styresmakter spelar derfor ei viktig rolle som initiativtakarar, tilretteleggarar og koordinatorar for slike møteplassar.

For at dette skal vere mogleg må kommunen ha kontakt med innvandrarorganisasjonar på måtar som opplevast tillitsskapande. Når representantar frå kommunen og innvandrarorganisasjonane snakkar saman om kva dei ønsker å oppnå, i staden for om formelle krav til søknad om tilskot og rapportering, etablerast eit anna moglegheitsrom. Aktørane frå den lokale organisasjonen settast i førarsetet, og kommunen si rolle blir å støtte og legge til rette.

Tre føresetnader for godt samarbeid

Rapporten skildrar tre føresetnader for samarbeidsrelasjonar som kan bidra til å trekke innvandrarorganisasjonar med i lokalt integreringsarbeid:

  • at kommunen gir rom for at byråkratiet kan virke ubyråkratisk og nærme seg friviljugheita på deira premiss
  • at det etablerast møteplassar mellom kommunen og innvandrarorganisasjonane
  • at møta skjer mellom likeverdige partnarar

Se flere rapporter om

frivillige organisasjoner og tilskudd.

Fant du det du lette etter?