11 prosent av dei spurde svarar at dei har flyktningar på praksisplass i dag, og ytterlegare 35 prosent svarar at det kan vere aktuelt for dei å tilby praksisplass dei komande to åra.


Bakgrunnen for undersøkinga er at det er stort behov for praksisplassar dei komande åra. Over 27 000 flyktningar deltek i dag i introduksjonsprogram, med mål om å kome raskt ut i arbeid eller utdanning og verte økonomisk sjølvstendige.

Hovudfunn

11 prosent av dei spurde svarar at dei har flyktningar på praksisplass i dag, og ytterlegare 35 prosent svarar at det kan vere aktuelt for dei å tilby praksisplass dei komande to åra.

  • 47 prosent opplyser at det ikkje er aktuelt å tilby nyankomne praksisplass.
  • 91 prosent meiner at både flyktningen sjølv og offentlege styresmakter har eit stort (eller eit svært stort) ansvar for integrering i Noreg.
  • Oppfølging frå det offentlege og økonomiske tilskot er avgjerande føresetnader for å tilby flyktningar praksisplass – det meiner høvesvis 64 prosent og 58 prosent av dei spurde.
  • Språkutfordringar, manglande rekrutteringsbehov og mangel på eigna arbeidsoppgåver er hovudgrunnane næringslivsleiarar oppgir for at det ikkje er aktuelt å tilby praksisplass til flyktningar.
  • 6 prosent tilbyr norskopplæring i arbeidstida, medan 23 prosent seier dei kan legge til rette for det ved behov.

Undersøkinga er gjort blant 600 administrerande direktørar (eller tilsvarande) i et utval av verksemder, som er trekt tilfeldig blant verksemder i Noreg.

Se flere rapporter om

introduksjonsprogram og arbeidsliv.