Årsrapport for busetting 2017

I 2017 vart det busett til saman 11 078 flyktningar. Ved utgangen av året var det 1 045 personar i mottak som venta på busetting – det lågaste talet på ti år.

Utgitt: 1. mars 2018

Årsrapporten tek for seg tal for busette flyktningar i 2017 og flyktningar i mottak per 31.12.2017. Denne sida gir eit overblikk over hovudtrekka i rappporten.

NØKKELTAL FOR BUSETTING AV FLYKTNINGAR
KategoriTal 2017Tal 2016
Familiar med born 6 170 7 061
Einslege vaksne 3 495 5 907
Einslege mindreårige 759 1 599
Familiar utan born 601 673
Totalt (inkl. personar med skjerma identitet) 11 078 15 291

Busette flyktningar

  • I 2017 vart det busett til saman 11 078 flyktningar. Dette er om lag 4 000 færre enn i fjor, og på same nivå som i 2015. Busettinga i 2017 er i tråd med behovet.
  • 61 prosent av dei busette i 2017 var del av ei familieeining. Dette er ei auke på 10 prosentpoeng samanlikna med 2016. 
  • 70 prosent vart busett frå mottak, 26 prosent var overføringsflyktningar, og 4 prosent oppheldt seg utanfor mottakssystemet før busetting.
  • Dei største nasjonalitetsgruppene blant alle busette flyktningar er syrarar (61 prosent), eritrearar (8 prosent) og afghanarar (8 prosent). 
  • Gjennomsnittleg ventetid for alle som vart busett i 2017 ligg på 5 månadar. Dette er ei auke på 0,2 månadar frå ventetida i 2016, men framleis ei betring frå 8,4 månadar i 2015.
  • Einslege vaksne ventar stadig kortare frå vedtak om opphald til busetting. I snitt var ventetida deira 5,3 månadar. Ventetida har gått ned frå 5,6 månadar i fjor, og ytterlegare frå 10,8 i 2015. 
Henter figur...

Einslege mindreårige

  • Busettinga av einslege mindreårige vart rekordhøg i 2016, med 1 599 busette. Til samanlikning var behovet for busetting av denne gruppa meir enn halvert i 2017; Samla vart det busett 759 einslege mindreårige.
  • 486 vart busatt av IMDi, og 273 vart busatt av Bufetat. Som hovudregel busetter IMDi einslege mindreårige over 15 år, medan Bufetat busetter dei under 15 år.

  • Blant busette einslege mindreårige er det afghanarar (74 prosent), syrarar (13 prosent) og eritrearar (6 prosent) som er dei største gruppene.
  • 62 prosent venta på busetting i under 3 månadar. Dette er ei særs positiv utvikling samanlikna med 43 prosent i 2016. Gjennomsnittleg ventetid er gått opp frå 3,8 ved utgangen av 2016 til 5,7 månadar ved utgangen av 2017. Dette heng saman med at det no er få flyktningar i mottak, og einskildspersonar med lang venetid trekk opp snitttida.

Flyktningar i mottak

  • Ved utgangen av 2017 var det 1 045 personar i mottak som venta på busetting468 av dei var tildelt ein kommune, og venta på å flytte til kommunen.
  • Talet på flyktningar i mottak som ventar på busetting har ikkje vore så lågt på ti år og er redusert til ein fjerdedel samanlikna med utgangen av 2016. Dette heng mellom anna saman med låge innkomstar av asylsøkjarar, samt særs høg busetting både i siste tertial 2016 og første tertial 2017.
  • Syrarar var den største nasjonalitetsgruppa også blant flyktningar på mottak (35 prosent). Deretter kjem eritrearar (19 prosent) og afghanarar (9 prosent).  Blant de 71 einslege mindreårige var afghanarar den største gruppa (52 prosent).

Se flere rapporter om

bosetting og IMDis arbeid.

Fant du det du lette etter?