Bruk av lokale ressurspersonar med innvandrarbakgrunn i informasjonsarbeidet under koronapandemien

Denne rettleiaren er til leiarar og tilsette i kommunar som ønsker å bruke lokale ressurspersonar i formidlinga av viktig informasjon til innvandrarbefolkninga.

Sist oppdatert: 10. februar 2021

Formålet er å vise korleis kommunar kan nå betre ut til alle innbyggarane, også personar som har avgrensa norskkunnskapar og digital kompetanse eller lite kontakt med det norske samfunnet.

Stadig ny informasjon, kombinert med ulike nasjonale og lokale råd, gjer det krevjande for kommunar å nå ut med informasjon gjennom ordinære kanalar under pandemien. Bruk av alternative informasjonskanalar og samarbeid med frivillige organisasjonar og lokale ressurspersonar sikrar at fleire innbyggarar får riktig informasjon til riktig tid.

Ein ressursperson er ein person som fungerer som bindeledd mellom lokale myndigheiter og ei innvandrargruppe eller eit miljø, og kan vere ei viktig brikke i krise- og beredskapsarbeidet i kommunen.

Denne rettleiaren kan sjåast i samanheng med IMDis rettleiar for bruk av tolk i informasjonsarbeidet under koronapandemien.

Offentleg informasjonsansvar og frivillig arbeid

I ei krise er det viktig å få spreidd informasjon raskt. Myndigheitene har ansvar for å sørge for at alle innbyggarane får riktig og forståeleg informasjon. Det inkluderer også personar som har avgrensa norskkunnskapar og digital kompetanse eller lite kontakt med det norske samfunnet.

Likeverdige offentlege tenester handlar om at det offentlege tar omsyn til at menneske er forskjellige og har ulike behov, og tilpassar tenestene deretter. Det er den enkelte kommunen som skal sikre at deira eigne innbyggarar og andre som oppheld seg i kommunen, får tilrettelagd og tilpassa informasjon. For å kunne tilby likeverdige tenester må kommunen vite kva behov dei ulike gruppene har. Det krev kjennskap til dei det gjeld.

Fleire kommunar har forsøkt alternative informasjonskanalar i arbeidet med å nå ut til alle innbyggarane (sjå «Rekruttering av ressurspersonar» under). Mange av dei har etablert eit systematisk samarbeid med frivillige organisasjonar, miljø og personar som eit viktig supplement til sitt eige tenesteapparat. Lokale frivillige fungerer som bindeledd og døropnarar for at riktig informasjon når fram til innvandrargrupper som av ulike grunnar har svak tilknyting til det norske samfunnet. Frivillig sektor blir også nemnd som ein viktig aktør i Helsedirektoratets rettleiar for avgjerder og tilrådingar knytte til oppfølging av koronaviruset, der planlegging av kommunikasjon er nemnd i første kapittel, «Beredskapsplanlegging, kriseledelse og krisekommunikasjon».

Frivillige organisasjonar og ressurspersonar har under pandemien lagt ned ein stor frivillig innsats, som har vore eit viktig supplement til informasjonen som har gått ut direkte frå kommunen. Gjennom tett dialog og tovegskommunikasjon bygger frivillige organisasjonar og ressurspersonar tillit mellom myndigheitene og dei utsette gruppene.

  • For kommunane er det viktig å få kunnskap om behovet for tilpassa informasjon i dei ulike gruppene og kva kanalar det er mest aktuelt å bruke. Det er også viktig at informasjonen som blir gitt av frivillige, er i tråd med smittevernråda frå myndigheitene og generelle råd og retningslinjer.
  • For frivillige organisasjonar og ressurspersonar er det viktig at dei til kvar tid kjenner til dei nasjonale og kommunale føringane.

Helsedirektoratet har komme med ei eiga tilråding om samarbeidet mellom offentleg og frivillig sektor under koronapandemien. Les meir på helsedirektoratet.no.

Rettleiar for samarbeid mellom kommune og frivillig sektor

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har laga eit inspirasjonshefte med råd og rettleiing til kommunar som vil inngå samarbeid med frivillige. Inspirasjonsheftet (PDF) tar hovudsakleg for seg eksempel på samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar.

På nettsidene til IMDi kan ein finne gode eksempel på korleis kommunar og frivillige organisasjonar har jobba med informasjon under koronapandemien.

Kven er innvandrarbefolkninga?

«Innvandrarbefolkninga» er ei samlenemning for innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. I denne konteksten må kommunane hugse å inkludere både personar utan lovleg opphald, arbeidsinnvandrarar, flyktningar, asylsøkarar og familieinnvandra.

Innvandrarbefolkninga i Noreg er like mangfaldig som resten av befolkninga. Det er mange ulike miljø innanfor éi og same gruppe, basert på alder, kjønn, sivilstand og familie, kultur, religion, utdanningsnivå, tilknyting til arbeidslivet, økonomi, buforhold og kor lenge den enkelte har budd i Noreg. I tillegg kjem særskilt sårbare grupper, som for eksempel personar med nedsett funksjonsevne, eller LHBTI-personer.

Ei mangfaldig og samansett innvandrarbefolkning krev at tilnærmingane til dei ulike innvandrargruppene og innvandrarmiljøa må vere skreddarsydde. Tilnærminga til éi gruppe treng ikkje nødvendigvis å fungere for ei anna gruppe. Form, format og val av informasjonskanal vil for eksempel ikkje nødvendigvis vere det same for ungdommar som for heimeverande kvinner.

Kvifor er det meir smitte i enkelte innvandrargrupper?

Årsakene til at det er meir smitte i innvandrarbefolkninga, er samansette og handlar om meir enn mangel på informasjon. Det kan vere barrierar knytte til avgrensa norskkunnskapar, leseferdigheiter, digital kompetanse og helsefagleg kompetanse. Årsakene kan også knytast til lågt utdanningsnivå, tronge buforhold, store familiehushald og fattigdom. Høg grad av eksponering for smitte på jobb, å vere avhengig av kollektivtransport, underliggande sjukdommar og manglande helsefagleg kompetanse slår også inn. I tillegg kan manglande tillit til norske myndigheiter, bruk av alternative informasjonskjelder, kultur, religion og tradisjonar innebere utfordringar. Mange følger meir med på utanlandske nyheiter, og andre land kan ha ei anna tilnærming og andre tiltak enn Noreg i ein krisesituasjon. Svak tilknyting til eller lite kontakt med det norske samfunnet kan også spele ei rolle.

Kva er ein lokal ressursperson?

«Lokale ressurspersonar» er ei samlenemning for personar som fungerer som bindeledd mellom lokale myndigheiter og ei innvandrargruppe eller eit miljø. Det finst ulike variantar av ordninga ut frå kva rolla skal omfatte. I tillegg finst det ordningar som har same rolle, men som heiter noko anna, som for eksempel språkhjelpar, språklos, ambassadør, kulturtolk og liknande. Nokre av omgrepa kan også skape forvirring og misforståingar. Det gjeld for eksempel omgrepet «kulturtolk», som ikkje er det same som ein kvalifisert tolk. Ein kulturtolk er meir å rekne som ein kulturrettleiar.

Felles for desse er at dei snakkar same språk, har same landbakgrunn og/eller same kultur og tradisjon som målgruppa. Dei har gode norskkunnskapar og kjennskap til så vel lokalsamfunnet som det norske samfunnet. Dei bidrar med si eiga erfaring og kunnskap om det å vere ein medborgar som står i to kulturar. Dei har ofte eit breitt nettverk og nyt tillit, truverd og status i det aktuelle miljøet.

Kan tolk og ressursperson vere den same?

Ein ressursperson er ikkje det same som ein kvalifisert tolk. Det er viktig at kommunane er bevisste på skiljet mellom desse to, sjølv om begge hjelper personar med mangelfulle norskkunnskapar i møte med offentlege myndigheiter.

Det er ei rekke utfordringar ved å bruke andre enn kvalifiserte tolkar i samtalar med minoritetsspråklege: Sensitive opplysningar kan komme på avvegar, teieplikta er ikkje formalisert, og dette kan vere med på å bygge opp under skam ved sjukdom. Det er særleg viktig å merke seg at det er forbode å bruke barn som tolk, også i ad hoc-situasjonar.

Ein kvalifisert tolk

  • har formell kompetanse
  • mottar lønn frå kommunen eller arbeidsgivaren for å sørge for likeverdige tenester ved språkbarrierar
  • eig ikkje bodskapen sjølv, men formidlar informasjon mellom to partar
  • har teieplikt og sikrar at informasjonen blir formidla på ein profesjonell måte

En person som har formell kompetanse som tolk kan også jobbe som ressursperson, men da ikke i rollen som tolk.

Det finst føresegner innanfor offentleg forvaltning som kan medføre rett eller plikt til bruk av tolk. Les meir om kva lova seier om bruk av tolk.

Ein ressursperson

  • er ikkje det same som ein kvalifisert tolk
  • har ikkje formell tolkekompetanse, men bidrar med eiga erfaring, kultur- og språkkompetanse
  • har eigarskap til og er direkte avsendar av informasjonen til den definerte innvandrargruppa/miljøet
  • får bodskapen førehandsdefinert gjennom nasjonale og lokale påbod, men må tilpasse bodskapen til behova som finst i målgruppa
  • kan vere medlem av ein frivillig organisasjon og/eller vere tilsett i kommunen

Kvifor bruke ein ressursperson?

Lokale ressurspersonar fungerer som bindeledd og døropnarar for at riktig og målretta informasjon når fram, blir oppfatta og etterlevd av grupper som av ulike grunnar har svak tilknyting til det norske samfunnet. Ved rekruttering og bruk av ressurspersonar kan kommunen sikre at alle innbyggarane i kommunen får informasjon om koronapandemien, noko som igjen kan bidra til smitteførebygging og helsefremmande tiltak for alle.

Ressurspersonane kan vere med på å skape fellesskap, tillit og tilhøyrsel under helsekrisa. Viktig informasjon når ut til sårbare og utsette grupper i eit målretta og skreddarsydd format og språk. I tillegg får kommunen kunnskap om dei konkrete miljøa. Å etablere samarbeid med lokale ressurspersonar i aktuelle grupper og miljø kan derfor vere eit viktig ledd i det generelle krise- og beredskapsarbeidet i kommunen.

Fordelar for avsendaren av informasjon (kommunen)

Jo nærmare ein er dei som skal ha informasjon, jo lettare er det å få innsikt i kva folk allereie veit eller ikkje veit om pandemien og konsekvensane av han. Det same gjeld kjennskap til kva for informasjonskanalar dei bruker, og kva dei er bekymra for. Kunnskap om bu- og arbeidsforhold og korleis folk innrettar kvardagslivet sitt for å unngå smitte, er viktig for å kunne spisse bodskapen og informasjonen. Samarbeid med lokale ressurspersonar kan gi kunnskap om kva som gjer at informasjon eventuelt ikkje når fram og blir etterlevd, og korleis pandemien blir opplevd og handtert over tid, med tanke på psykisk helse, familierelasjonar og økonomi.

Fordelar for mottakaren av informasjon

Å stå nær den som gir informasjonen, er også viktig. Når bodskapen blir presentert på ein forståeleg måte, med mindre kulturell og sosial avstand mellom avsendar og mottakar, kan mottakaren oppleve reglar og råd som mindre framandt. Nærleik til avsendaren vil også gi ei større forståing for at dette angår ein sjølv, eigen familie og eige miljø.

Korleis komme i gang?

Kartlegg innvandrarbefolkninga

Det er ein fordel å ha god kjennskap til innvandringsbefolkninga som bur i din kommune, og kva som kjenneteiknar desse gruppene.

  • Bruk nettsidene til SSB og IMDi for å få oversikt over innvandrarbefolkninga i kommunen din.
    • Få oversikt over dei ulike innvandrargruppene: Er det arbeidsinnvandrarar, busette flyktningar, asylsøkarar og papirlause, familieinnvandra eller einslege mindreårige?

Kartlegg sårbare grupper og miljø

  • Er det særleg sårbare grupper eller miljø i kommunen?
    • Er det enkeltpersonar/grupper/miljø det er spesielt vanskeleg å nå ut til? Viss ja, kvifor er det vanskeleg?
    • Er det miljøforskjellar innanfor dei ulike innvandrargruppene? Faktorar som kan avgjere dette, er alderssamansetning, kjønn, sivilstand og familiestruktur, utdanningsnivå, sosioøkonomisk status, fattigdom, tilknyting til arbeidslivet, butid i Noreg, talet på medlemmer i eit hushald (om dei bur trongt), tru og tradisjonar.

Kartlegg eksisterande informasjonskanalar og informasjonsarbeid som allereie er sett i gang

  • Ha god oversikt over dei ordinære informasjonskanalane som er etablerte lokalt.
  • Finn ut om det allereie er sett i gang informasjonskampanjar til innvandrargrupper eller -miljø av frivillige organisasjonar, trussamfunn og liknande i kommunen din.
  • Viss ja bør de gå i dialog og vurdere å bygge vidare på igangsette tiltak, aktivitetar, møtepunkt og nettverk.

Spiss bodskapen og informasjonen, og sørg for brukarmedverknad

Å finne den rette personen som skal jobbe med ein særskild bodskap overfor ei definert målgruppe / eit bestemt miljø, føreset god og grundig kartlegging, brukarinnsikt og brukarmedverknad.

  • Identifiser problemet
    • Er det for eksempel høgt smittetrykk i enkeltgrupper eller store utbrot på ein arbeidsplass?
    • Er det trendar som er tydelege, som for eksempel for få som testar seg, eller for få som vaksinerer seg?
    • Har det vore større samankomstar, som for eksempel bryllaup, gravferder eller religiøse høgtider?
  • Identifiser kva for målgrupper og særskilde miljø det er viktig å nå
    • Er det for eksempel trussamfunn, arbeidsplassar, ungdomsmiljø eller eit geografisk avgrensa buområde?
  • Involver personar med kjennskap til miljøet som kan gi innsikt og sikre brukarmedverknad i utforming av bodskap og val av kanal.
  • Identifiser barrierar som eksisterer med tanke på å nå dei ulike gruppene/miljøa, og kva kjenneteikn desse barrierane har.
    • Er det for eksempel arbeidsinnvandrarar eller arbeidsgivarar som bør identifiserast?
    • Er det språklege, kulturelle eller økonomiske barrierar?
    • Har gruppene/miljøa kontakt med hjelpeapparatet elles i kommunen?
  • Identifiser bodskapar
    • Eksempel på relevante bodskapar: at det er anonymt og gratis å teste seg, at arbeidsgivaren må sørge for karantene, informasjon om når ein skal vaksinere seg, at ein må utsette festar, samankomstar og liknande.

Rekruttering av lokale ressurspersonar

Fleire kommunar og frivillige organisasjonar har allereie prøvd ut ulike tilnærmingar for å rekruttere lokale ressurspersonar i informasjonsarbeidet overfor ulike innvandrargrupper og -miljø.

Det er opp til kvar enkelt kommune å vurdere kva for rekrutteringsstrategi som passar best, men for kommunar som ønsker å komme i gang raskt, kan det vere formålstenleg å tenke breitt. Kommunen din må vurdere fordelar og ulemper knytte til kvar dei lokale ressurspersonane skal rekrutterast. Kven som er riktig ressursperson, vil vere påverka av kva målgruppe/miljø kommunen ønsker å nå fram til. Det sentrale er å finne personar som har tillit, truverd og respekt i det miljøet de ønsker å nå.

Uavhengig av kva tilnærming som blir vald, vil det vere ein fordel å opprette dialog med enkeltpersonar, frivillig sektor og trussamfunn lokalt som har kjennskap til innvandrargruppa/miljøet. Dei kan vere gode sparring-partnarar for å identifisere personar som kan vere eigna for oppgåva som ressursperson.

Dette er spesielt relevant dersom de har identifisert miljø utanfor dei etablerte organisasjonane eller trusfellesskapane, der det er spesielt viktig med ressurspersonar med tilhøyrsel eller tillit i målgruppa/miljøet.

Rekruttering skjer frå frivillig sektor

De kan samarbeide med frivillig sektor i arbeidet med å finne ressurspersonar. Ressurspersonen kan ha status som tilsett, vere medlem i den frivillige organisasjonen eller trussamfunnet eller vere lausare tilknytt. Ressurspersonen arbeider frivillig, og innsatsen er ulønna og i eiga fritid.

Eksempler

Caritas og arbeidsinnvandrarar
Caritas har aktivt brukt polsktalande ressurspersonar, både tilsette og frivillige, for å nå ut med informasjon til polske arbeidsinnvandrarar. Informasjonsarbeidet har i stor grad vore digitalt, og Caritas har mellom anna laga ein podkastserie og korte videoar på polsk med informasjon om smittevern og nye reglar som har blitt spreidde på sosiale medium. Utover eigne ressurspersonar har Caritas invitert polsktalande representantar frå fagrørsla, helsepersonell, den polske ambassadøren og andre for å styrke truverdet i bodskapen. Dei har også spelt inn ein video med statsminister Erna Solberg og ein polsktalande tilsett i Caritas. Videoen fekk svært stor spreiing. Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet etablerte i haust ei samarbeidsgruppe som består av ulike ressurspersonar frå det polske miljøet, etter modell frå tidlegare etablerte grupper i det pakistanske og somaliske miljøet. Dette har vore ei viktig gruppe for informasjonsdeling og samarbeid mellom det offentlege, sivilsamfunnet og andre sentrale ressurspersonar.

Helseambassadørar i Drammen
Drammen Sanitetsforening har rekruttert fleirspråklege innvandrarkvinner for å informere om smittevern og koronatiltak frå helsemyndigheitene.

Lokale smittevernambassadørar i Halden
Halden frivilligsentral har spreidd koronainformasjon i ulike innvandrarmiljø via lokale smittevernambassadørar. Smittevernambassadørane er frivillige med ulik språkleg, kulturell og yrkesmessig bakgrunn. Saman med eit designbyrå har frivilligsentralen også laga plakatar, flyers og anna informasjonsmateriell på ulike språk.

Koronahjelp frå bydelsmødrene
Bydelsmødrene i Oslo er basert på frivilligheit. Det er totalt 130 bydelsmødrer i Oslo. Dei har bakgrunn frå 35 ulike land og snakkar til saman over 40 språk. I samband med koronapandemien har dei – på folks eigne morsmål – til no hatt over 1500 samtalar om tema som smittevern, permitteringar, skole og barnehage, fysisk og psykisk helse.

Kommunen rekrutterer sjølv

De kan også gjere rekrutteringsarbeidet sjølve og bruke eige kontaktnett for å identifisere personar som kan vere aktuelle som ressurspersonar. De kan rekruttere ressurspersonar frå dei ulike miljøa de kjenner til, eller vurdere om de har eigne tilsette som kan fylle rolla som ressursperson i kraft av å ha ei tilknyting til det aktuelle miljøet.

Helsepersonell med innvandrarbakgrunn kan ha nyttig tilleggskompetanse i form av språk, kulturforståing, migrasjonserfaring og liknande, og kan slik vere viktige ressursar i dette arbeidet.

Det å bruke personar som er tilsette i kommunen, kan være svært effektivt, men det reiser nokre dilemma når ein tilsett blir brukt i samanhengar og til formål som ikkje er i tråd med stillinga vedkommande har. Ein barnehagetilsett, ein fastlege, ein Nav-tilsett, ein lærar ved vaksenopplæringa eller ein tospråkleg tilsett som under pandemien får eit stort ansvar for informasjonsspreiing, kan møte lojalitetskonfliktar og måtte sjonglere mellom profesjons- og ressurspersonrolla. Dersom dei jobbar som ressurspersonar, må derfor visse forhold avklarast:

  • Forventningar til rolla
    Det er viktig å sjekke med den tilsette om vedkommande ønsker å fungere som ressursperson for ein periode, og at det er tydeleg definert kva som er forventa av rolla.
  • Lønn og arbeidstid
    De må ta stilling til om den tilsette skal utføre arbeidet som ressursperson som ein del av sitt ordinære arbeid, og korleis det i så fall skal lønnast. Ordinære arbeidstidsreglar må følgast.
  • Kommunalt tilsette som jobbar frivillig
    Dersom den tilsette sjølv har ytra ønske om å bidra som ressursperson på si eiga fritid, ulønna og som frivillig arbeid, må de gjere det tydeleg kva rolle og forventningar de som arbeidsgivarar har til dette. Ressurspersonen må på si side sjølv sette grenser, slik at han eller ho ikkje tar med seg sitt daglege virke inn i det frivillige arbeidet.

Eksempler

Ambassadørprosjektet i Bydel Gamle Oslo
Bydel Gamle Oslo i Oslo kommune kartla og rekrutterte ressurspersonar frå det norsk-somaliske miljøet i eit prosjekt for å målrette koronainformasjon, mellom anna ved å spreie informasjon om koronavirus og smittevern på somalisk (innbyggarinvolvering). Ressurspersonane blei kalla ambassadørar, og bydelen samarbeidde tett med dei under planlegging, utforming og gjennomføring av tiltak. Ambassadørane blei også brukte for å nå fram til målgruppa og kartlegge andre relevante kommunikasjonskanalar. Film og munnleg framstilling blei mykje brukt.
Les sluttrapporten på imdi.no for detaljar om prosessen (pdf).

Frogn kommune og innvandrarar med i beredskapsarbeidet
Kommunen rekrutterte ressurspersonar i dei største språkgruppene som hadde ekstra informasjonsbehov. Dei ble bedt om å sende vidare og distribuere informasjon gjennom sine eigne kanalar, med oppfordring om å sende vidare for å oppnå ein snøballeffekt. Det er lagt vekt på prinsippet om likeverdige tenester og at også analfabetar med små eller ingen norskkunnskapar skal takast vare på under ei krise eller ein pandemi.

Kinn kommune og bruken av språklosar som ressurspersonar
Med utgangspunkt i å ville bidra med særskild hjelp for minoritetsspråklege foreldre i perioden med heimeskole etablerte Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF) ei lukka side på Facebook. Kvalifiserte frivillige, lærarar og tilsette ressurspersonar med minoritetsbakgrunn, såkalla språklosar, bidrar aktivt til godt innhald på sida. I tillegg til informasjon knytt til heimeskole er generell koronainformasjon blitt delt.

Kva kjenneteiknar ein god ressursperson?

Når de veit spesifikt kva målgruppe/miljø de ønsker å nå, begynner jobben med å finne dei gode ressurspersonane. Jo meir presist kjenneteikna til målgruppa kan beskrivast, desto enklare vil det vere å identifisere gode ressurspersonar.

Ein god ressursperson bør

  • ha god kjennskap til ei målgruppe eller eit miljø og deira språk, tradisjonar og kulturelle, religiøse og sosiale kodar
  • ha gode norskkunnskapar
  • komme frå den aktuelle målgruppa eller miljøet og ha relevant landbakgrunn
  • ha truverd, respekt og tillit i målgruppa/miljøet
  • ha brei kontaktflate og nettverk i lokalsamfunnet
  • vere ein god rollemodell
  • ha autoritet dersom det blir sett på som viktig
  • ha ønske om å bidra (det må vere noko personen gjer av fri vilje)

Vurder også om faktorar som kjønn og alder bør spele inn, og om personen er eigna til ei slik oppgåve. I tillegg bør de kvalitetssikre at de har funne den riktige ressurspersonen – her er det aktuelt å sjekke ut om personen faktisk har respekt og tillit, hos nokon som kjenner miljøet. Dette kan gjerast ved referansesjekk frå utvalde relevante personar. Dette er blant annet beskrevet i sluttrapporten til Bydel Gamle Oslo (pdf).

Spiss bodskapen og identifiser informasjonskanalar

Det er først når ressurspersonane er på plass, at de kan begynne å jobbe med målretta spissing av bodskapen. Dette skjer gjennom medverknad og involvering av ressurspersonane. Formålet er å bruke allereie eksisterande materiell, men tilpasse informasjonen til den konkrete innvandrargruppa eller innvandrarmiljøet det er ønskeleg å nå. Ressurspersonane må sjølve få definere kva for metodar, møteplassar, forum og arenaer for formidling som er relevante.

  • Medverknad og involvering

    • Lytt til og samarbeid tett med ressurspersonane gjennom både planleggings- og gjennomføringsfasen av informasjonsarbeidet.

    • La ressurspersonane få eigarskap til bodskapen.

  • Formidlingskanalar

    • Ver opne for idear som ressurspersonane sjølve kan ha til ulike tilnærmingar for formidling og bruk av alternative kanalar.

    • Ressurspersonane veit best kva for kanalar som finst, og kva for kanalar som truleg har størst tillit og rekkevidde i dei aktuelle miljøa.

    • Ressurspersonane er sjølve formidlingskanalar og veit best korleis dei skal kunne formidle bodskapen

Oppfølging og ivaretaking av ressurspersonane

Kva de må sørge for:

  • Rolleavklaring
    • Ver tydeleg på kva som er forventa av ein ressursperson som skal drive informasjonsarbeid i kommunen.
    • Dersom ressurspersonen er tilsett i kommunen, vil det vere særleg viktig å trekke grensa mellom rolla som profesjonell yrkesutøvar og rolla som ressursperson (sjå «Kommunen rekrutterer sjølv» over).
    • Kommunen og ressurspersonen må ha ei tydeleg avklaring av forskjellen mellom å vere ein tilsett i kommunen, ein ressursperson og ein kvalifisert tolk (sjå «Kan tolk og ressursperson vere den same?» over).
    • Set deg godt inn i avgrensingane i offentleg og kommunal sektor, og bruk ressurspersonar i miljøa som kommunen ikkje har innpass i. Hugs at ressurspersonar berre er eit supplement, ikkje ei erstatning for informasjonsansvaret, dei ordinære tenestene eller informasjonskanalane til kommunen.
    • Helsedirektoratet er tydeleg på at frivillige ikkje skal vurdere helsetilstand eller gi helsefaglege råd. Slike spørsmål bør rettast til helsepersonell eller til helsetenesta.
  • Eitt kontaktpunkt eller éin kontaktperson
    • Ver tydeleg på kven ressurspersonen skal ha kontakt med i kommunen, ved å oppgi eit fast kontaktpunkt.
    • Etabler ein open dialog , slik at ressurspersonen kan gi tilbakemelding ved behov for ytterlegare bistand.
  • Tilbod om opplæring, oppdatering og kompetansepåfyll
    • Sørg for at ressurspersonen gjennom opplæring får oppdatert og korrekt informasjon frå myndigheitene.
    • Sørg for at ressurspersonen formidlar dei råda og påboda som myndigheitene kjem med.
    • Sørg for at informasjonen som går ut, er kvalitetssikra.
    • Sørg for at ressurspersonen har god kjennskap til informasjonen som til kvar tid gjeld.
  • Møtepunkt
    • Legg til rette for regelmessig debrief og erfaringsutveksling mellom ressurspersonane. Om det ikkje er mogleg å møtast fysisk, kan de bruke Zoom, Teams eller liknande.
  • Fasilitetar
    • Avklar behov, og legg til rette for møtelokale, kontor og budsjett til innkjøp av mat og hjelpemiddel i informasjonsarbeidet ressurspersonen skal utføre.
  • Respekt
    • Plei relasjonen!
    • Gi positiv tilbakemelding på innsatsen. Det er viktig for å halde motivasjonen oppe.
    • Vurder lønn/honorar for oppdrag.
  • Informasjonsmateriell frå myndigheitene

Korleis kan dette best organiserast i din kommune?

Kommunane er også mangfaldige, og dei må sjølve finne ut kva som passar best for dei. Det vil variere kor hardt ein kommune er ramma av pandemien, det vil oppstå ulike problemstillingar, og det er variasjonar i innvandrargruppene.

  • Lytt og lær av erfaringar, og evaluer ressursbruk og resultat av informasjonsarbeidet kontinuerleg.
  • Det er viktig å innhente informasjon om arbeidet fordi store delar av innsatsen går føre seg utanfor kommunale rammer.
  • Det er også viktig for kommunen å danne seg eit bilete av omfanget av frivillige ressursar som blir mobiliserte i informasjonsarbeidet.

Ved å forsøke seg fram og lære av erfaringar vil gode lokale løysingar og tilpassingar oppstå. Da kan ein skreddarsy beredskapsarbeidet og krisehandteringa for å sikre at kommunen når ut til alle innbyggarane.

Fant du det du lette etter?