1. Innleiing

Tilskotsordninga består av persontilskot og grunntilskot.

IMDi har ansvaret for å forvalte tilskotsordninga.

2. Mål for ordning

2.1. Målformulering

Målet med persontilskot er at vaksne innvandrarar gjennomfører til saman 600 timar opplæring i norsk og samfunnskunnskap og prøver i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova kapittel 4 og departementets oppdrag til Kompetanse Norge om tilrettelegging og gjennomføring av prøver.

Persontilskot skal bidra til at kommunar gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til å kunne fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet skal også gå til gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap. Det skal gjennomførast minst to prøveperioder i året, og inntil fire etter ei konkret behovsvurdering. 

Målet med grunntilskotet er å betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

2.2. Tilskotsmottakar

Tilskotsmottakar er kommunar.

2.3. Målgruppe

Vaksne innvandrar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap jf. introduksjonslova § 17, og som har fått opphaldsløyve frå og med 1. januar 2017.

3. Kriterium for måloppnåing

Vaksne innvandrar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap gjennomfører opplæringa og avlegg prøver.

4. Tildelingskriterium, herunder berekningsreglar

4.1. Persontilskot

4.1.1. Vilkår for tildeling

Basert på data i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) blir tilskotet utbetalt automatisk til tilskotsmottakarar.

For personar som er i målgruppa og som bur i mottak, blir tilskotet utbetalt til vertskommunen for mottaket. For personar som er i målgruppa og som ikkje bur i mottak, blir tilskotet utbetalt til bustadskommunen. Det er den folkeregistrerte adressa til personar som er styrende for kva for ei kommune som vert rekna som bustadskommune.

For personar som kom inn i målgruppa frå og med 1. januar 2018, må kommunen registrere vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap eller vedtak om fritak frå plikt i NIR for at tilskotet skal bli utbetalt. For personar som kom inn i målgruppa før 1. januar 2018, er det ikkje krav om registrering av vedtak om opplæring eller fritak frå plikt i NIR for at tilskotet skal bli utbetalt.

Dersom kommunen meiner å ha krav på tilskot som ikkje er utbetalt, kan kommune melde frå om dette til IMDi via Kontaktsenter for IMDinett.

4.1.2. Berekningsreglar

Inngangen til målgruppa er ved innvilga førstegongs opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve. For personar som har eit begrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie, er inngangen til tilskotets målgruppe ved førstegongs fornying av opphaldsløyve. 

Utbetaling av persontilskot skjer over maksimalt tre år. For nokre personar kan den totale tilskotsperioden bli under tre år. Dette gjeld personar som er under 16 år ved innvilga førstegongs opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve, men fyller 16 år innan tre år. Dette gjeld også for personar som går frå å berre ha plikt til rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap innan tre år frå innvilga førstegongs opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve.

4.1.3. Utbetaling av persontilskot

For personar som kjem inn i målgruppa i 2019, blir persontilskot år 1 utbetalt. Tilskot blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at personar kjem inn i målgruppa. For personar som kom inn i målgruppa i 2018 og 2017, blir persontilskot år 2 og år 3 utbetalt basert på bustad registrert i NIR 15. januar 2019.

Persontilskot har to satsar. Ein høg sats for personar frå Afrika, Asia, Oseania (unntatt Australia og New Zealand), Øst-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika. Låg sats gjeld for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Tabellen nedanfor syner satsane for 2019. I kolonnen ‘tilskotsår’ indikerer årstala det året personane kom inn i målgruppa.

TABELL: SATSER FOR PERSONTILSKUDD I 2019 (ÅRSTALLENE I PARENTES INDIKERER ÅRET PERSONEN KOM INN I målgruppa for ORDNINGEN)
Type persontilskuddLav satsHøy sats
Persontilskudd år 1 (2019) 13 900 kroner per person 32 300 kroner per person
Persontilskudd år 2 (2018) 25 000 kroner per person 64 500 kroner per person
Persontilskudd år 3 (2017) 15 600 kroner per person 45 000 kroner per person

Tabellen nedanfor syner planlagte utbetalingsdatoar av tilskot i 2019:

TABELL: DATOER FOR UTBETALING AV NORSKTILSKUDD FOR 2018
TilskotstypeUtbetalingsdatoUtbetalingen gjelder
Persontilskot år 1 15.05.2019 Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 1.1.–31.3.2019
  15.08.19 Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 1.4.–30.6.2019
  15.11.19 Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 1.7.–30.9.2019
  15.02.20 Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 1.10.–31.12.2019
Persontilskot år 2 15.02.19 Personar som kom inn i målgruppa i 2018
Persontilskot år 3 15.02.19 Personar som kom inn i målgruppa i 2017

Etter utbetaling av tilskot sender IMDi tilskotsbrev til kommunen sitt elektroniske postmottak. Kommunen kan også sjå opplysningar om utbetalt tilskot i NIR.

4.1.3.1. Tilskot til annan opplæringskommune

Personen kan få opplæring i norsk og samfunnskunnskap i ei anna kommune enn bustadkommunen. Dersom ei anna opplæringskommune skal få utbetalt persontilskot for desse personane, må bustadkommunen ta kontakt med IMDi via Kontaktsenter for IMDinett for å få dette registrert i NIR.

4.1.3.2 Deling av tilskot mellom kommunar ved flytting

Dersom ein person som er i målgruppa flytter mellom kommunar, må personen melde frå om flyttinga til Skattekontoret for at adressa skal bli oppdatert i Det sentrale folkeregisteret (DSF) og tilskotet skal bli delt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne adresseendringa er personar pliktig til å melde frå om innan åtte dagar etter flyttinga, jf. folkeregistreringslova § 6-1.

Tilskotet blir delt høvesmessig mellom til- og fråflyttingskommunen, basert på butid i den einskilde kommune. Den kommunen der en person har lengst butid i løpet av tilskotsåret, vil få den største andelen av tilskotet. Formelen nedanfor viser berekninga av tilskot til kommune x for tilskotsår i:

  • Tilskot til kommune X = totalt tilskotsbeløp for år i *((antal butidsdagar i kommune X i tilskotsår i)/(sum butidsdagar i ulike kommunar i tilskotsår i))

Denne berekninga for deling av tilskot mellom kommunar ved flytting gjeld for både persontilskot år 1, år 2 og år 3. 

4.1.3.3 Tilskot ved utreise og tilskot ved tilbakevending til landet

Dersom ein person i målgruppa flytter frå landet, beheld kommunen tilskotet som er utbetalt i det året personen forlèt landet. Deretter stansar utbetalinga. Dersom same person seinare vender tilbake til landet, vil tilskotsordninga starte opp igjen, gitt at vedkommande framleis tilhøyrar målgruppa.

4.1.3.4 Tilskot ved dødsfall

Ved dødsfall beheld kommunen heile tilskotet som er utbetalt i dødsåret. Deretter stansar utbetalinga.

4.2 Grunntilskot

4.2.1 Vilkår for tildeling

Basert på data i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) blir tilskotet utbetalt automatisk til tilskotsmottakarar.

For personar som er i målgruppa og som bur i mottak, blir tilskotet utbetalt til vertskommunen for mottaket. For personar som er i målgruppa og som ikkje bur i mottak, blir tilskotet utbetalt til bustadskommunen. Det er den folkeregistrerte adressa til personar som er styrende for kva for ei kommune som vert rekna som bustadskommune. 

Dersom kommunen meiner å ha krav på tilskot som ikkje er utbetalt, kan kommunen melde frå om dette til IMDi via Kontaktsenter for IMDinett.

4.2.2 Berekningsreglar

Inngangen til tilskotets målgruppe er ved innvilga førstegongs opphaldsløyve som gjev grunnlag for permanent opphaldsløyve (for personar som har eit begrensa opphaldsløyve som medlem av barnefamilie eller som einsleg mindreårig, er inngangen til tilskotets målgruppe ved førstegongs fornying av opphaldsløyve). 

Ein person kan berre vere med i berekninga av grunntilskot i maksimalt tre år.

Utbetaling av grunntilskot 

Kommunar som har mellom 1–150 personar i målgruppa 15. januar 2019 vil få utbetalt grunntilskot. 

Grunntilskot har to satsar. Ein høg sats på 575 000 kroner blir utbetalt til kommunar som har 4–150 personar i målgruppa og ein låg sats på 185 000 kroner blir utbetalt til kommunar som har 1–3 personar i målgruppa.

 

TABELL: SATSER FOR GRUNNTILSKUDD I 2018
Antall personer i målgruppaSats
1-3 personer 185 000 kroner totalt
4-150 personer 575 000 kroner totalt
flere enn 150 personer ingen grunntilskudd

Etter utbetaling av grunntilskot, sender IMDi tilskotsbrev til kommunen sine elektroniske postmottak. Kommunen kan også sjå opplysningar om utbetalt tilskot i NIR.

5. Oppfølging og kontroll

Opplysningar som er naudsynte for å gjennomføre, følgje opp og evaluere opplæring i norsk og samfunnskunnskap i samsvar med introduksjonslova, skal registrerast av kommunen i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) jf. introduksjonslova § 25 a. I forskrift om behandling av personopplysningar etter introduksjonslova er det fastsett kva for opplysningar kommunen skal registrere, og kommunen skal registrere desse opplysningane innan to månadar.

Kommunen skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dersom kommunen gjennomfører opplæringa til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, kan kommunen halde på tilskotet.

IMDi og Riksrevisjonen kan setje i gang kontroll med at midlane vert nytta etter føresetnadane jf. bevilgningsreglementet § 10 annan ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

6. Evaluering

Departementet og IMDi skal sørge for at det gjennomførast evalueringar for å få informasjon om tilskotsordningar er effektive i høve til ressursbruk, organisering og fastsette mål. Frekvens og omfang av evalueringar skal ta utgangspunkt i ei vurdering av risiko og vesentlegheit for den enkelte tilskotsordning, herunder kor omfattande og viktig tilskotsordninga er, kvalitet og omfang av øvrig rapportering og i kva for grad det er mogleg å beskrive dei årlege resultata. Evalueringar må bli vurdert i samanheng med krava som blir stilt til rapoortering frå tilskotsmottakar.

7. Ansvar for å forvalte tilskotsordning

IMDi har ansvar for å forvalte tilskotsordninga. Dette inneber at IMDi har ansvar for å:

  • kunngjere ordninga
  • utbetale tilskot
  • utarbeide tilskotsbrev

8. Kunngjering av ordning

8.1. Kunngjeringsform

IMDi skal kunngjere tilskotsordninga på direktoratet sin nettside etter at retningslinjene er godkjent av Kunnskapsdepartementet.

8.2. Innhaldet i kunngjeringa

Kunngjeringa skal informere om ordninga og blant anna formidle følgjande:

  • målsetting for ordninga
  • tildelingskriterium, dvs. vilkår som må vere oppfylt for at tilskotet skal bli utbetalt

9. Klagereglar

Tildeling av tilskot og krav om tilbakebetaling av tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, er ikkje å rekne som enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova (fvl.) § 2 første ledd bokstav b. Tilskotsmottakar har difor ikkje klagehøve på korkje tildeling eller krav om tilbakebetaling av tilskot jf. fvl. §§ 3 første ledd ledd og 28. Elles gjeld forvaltningslova sine saksbehandlingsreglar.

10. Registrering av tilskot, reskontroføring, attesasjon og anvisning

IMDi har ansvar for å:

  • registrere tilsagn om tilskotsbeløp slik at IMDi har oversikt over inngåtte forpliktelsar
  • følgje bestemmelsane om bokføring og økonomistyring i Bestemmelser om økonomistyring i staten

11. Foreldingsfrist

Den alminnelege foreldingsfristen er tre år rekna frå den dagen kommunen har rett til å krevje å få tilskotet, eller frå det tidspunktet kommunen tidlegast har rett til å krevje tilskotet utbetalt, jf. foreldelseslova §§ 2 og 3.