1. Innleiing

Rundskrivet er utarbeidt av Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) og er basert på regelverk fastsett av Justis- og beredskapsdepartementet 19. desember 2017, med grunnlag i Stortinget sitt budsjettvedtak av 18. desember 2017 og Prop. 1 S (2017-2018) for kap. 497, post 60.

Tilskotsordninga består av tilskot til opplæring i norsk (asylnorsktilskot) og tilskot til opplæring i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak (kulturtilskot).

IMDi forvaltar tilskotsordninga.

2. Mål for ordningane

2.1. Hovudmål

Målet med tilskotsordninga er at vertskommunar for mottak tilbyr asylsøkarar opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar.


Målet med norskopplæring for asylsøkarar i mottak er at asylsøkarar skal tileigne seg basisferdigheiter i norsk slik at dei kan kommunisere på enkel norsk i mottak og i lokalmiljøet. Opplæringa skal bidra til at opphaldet i mottak får eit positivt innhald og skal støtte opp om integreringa av dei som seinare får opphaldsløyve i landet.


Målet med opplæring i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak er å gi asylsøkarar ein tidleg introduksjon til norske lover, regler, verdiar, omgangsformer og kultur i vid forstand. Opplæringa skal bygge bru og bidra til større innsikt i og betre forståing for norske samfunnsforhold gjennom kunnskapsbasert dialog og refleksjon.

2.2. Målgruppe

Asylsøkarar over 16 år, som ikkje har fått endeleg vedtak om opphald- eller arbeidsløyve, og som bur i ordinært mottak, integreringsmottak eller i eit tilpassa butilbod i ei kommune etter avtale med Utlendingsdirektoratet (alternativ mottaksplassering).

Følgande grupper er likevel ikkje i målgruppa:

  • Asylsøkarar som er omfatta av 48-timers-prosedyra.
  • Asylsøkarar over 18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren (også mogleg Dublin-prosedyre).
  • Asylsøkarar som har fått avslag frå Utlendingsnemnda (UNE).
  • Asylsøkarar som har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet (UDI) og kor UDI eller UNE ikkje har utsett iverksetting av vedtaket, slik at utlendingen må forlate Norge før klagebehandlinga i UNE er ferdig.
  • Asylsøkarar som har fått avslag frå UDI og som ikkje har påklaga vedtaket slik at UDI sitt vedtak er endeleg.

Asylsøkarar som haldast tilbake i transittmottak av helsemessige årsakar (for utgreiing og/eller behandling) er likevel i målgruppa. Det same gjeld asylsøkarar mellom 16-18 år som er omfatta av Dublin-prosedyren (også mogleg Dublin-prosedyre). 

3. Tildelingskriterium

3.1. Inngangskriterium

Tilskot blir utbetalt til vertskommunar for mottak for personar som er i målgruppa dersom kommunen har registrert i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) at tilbod om opplæring gis. Tilskota blir utbetalt automatisk, så kommunane treng ikkje å søke om det.

Dersom kommunen meiner å ha krav på tilskot for personar som ikkje er registrert i NIR, kan kommunen melde frå om dette til IMDi via Kontaktsenter for IMDinett.

3.2. Vurderingskriterium

Det er frivillig for kommunen å tilby opplæringa, og kommunen kan velje å tilby opplæring i norsk og/eller opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Men dersom kommunen har registrert at det gis tilbod om opplæring og dermed får tilskot, er kommunen pliktig til å tilby opplæring til alle i målgruppa.

Vertskommunen for mottak må registrere kvart kalenderår i NIR at det gis tilbod om opplæring for asylsøkarar i mottak, for at tilskotet skal utbetalast.

3.3. Utbetaling av tilskot

Satsen for opplæring i norsk er 13 300 kroner. Tilskot utbetalast éin gong per person som er i målgruppa. 

Satsen for opplæring i norsk kultur og norske verdiar er 3 800 kroner. Tilskota utbetalast i kvartalet etter at personen har komen inn i målgruppa.

Tilskota blir utbetalt medio mai, medio august og medio november. For personar som kjem inn i målgruppa i 4. kvartal 2018, vil tilskotet bli utbetalt medio februar 2019. Tabellen nedanfor syner utbetalingane av tilskot til norsk (asylnorsktilskot), norsk kultur og norske verdiar (kulturtilskot) i 2018:

Utbetalingsdato  Utbetalinga gjeld
15. mai 2018  Nye personar i målgruppa 01.01.-31.03.2018
15. august 2018 Nye personar i målgruppa 01.04.-30.06.2018
15. november 2018 Nye personar i målgruppa 01.07.-30.09.2018
15. februar 2019 Nye personar i målgruppa 01.10.-31.12.2018

Etter utbetaling av tilskot, sender IMDi tilskotsbrev til kommunane sine elektroniske postmottak.

Kommunane kan også sjå detaljerte opplysningar om utbetalt tilskot i NIR.

3.4. Deling av tilskot mellom kommunar ved flytting

Dersom personar som er i målgruppa for tilskota flytter til eit mottak i ei anna kommune i tilskotsåret, vil tilskotet automatisk bli delt likt mellom frå- og tilflyttingskommunen. En føresetnad for denne delinga er at tilflyttingskommunen har registrert i NIR at det gis tilbod om opplæring. Delinga skjer berre éin gong.

4. Særleg om norskopplæring for asylsøkarar i mottak

4.1. Omfang

Asylsøkarar som er i målgruppa for ordninga, kan få inntil 175 timar norskopplæring. Asylsøkarar har ingen lovfesta rett og plikt til opplæring, men dersom kommunen registrerer i NIR at norskopplæring tilbydast og får tilskot, må kommunen sørge for at alle i målgruppa får tilbod om norskopplæring.

4.2 Innhald

Opplæringa skal følgje Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (F18.04.2012 nr. 358). Dette skal bidra til kontinuitet i opplæringa for dei som får opphaldsløyve og får rett og plikt eller berre rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

4.3 Organisering

Opplæringa skal vere gratis for både deltakar og asylmottak. Det er asylmottaket som er ansvarleg for å organisere skyss til og frå opplæringa, noko som inneber dekning av eventuelle utgifter til og frå opplæringa, medrekna reiseutgifter til og frå opplæringsstaden. Norskopplæring for asylsøkarar bør organiserast saman med norskopplæring for vaksne innvandrarar. Asylmottak vil gi kommunen nødvendig informasjon for planlegging og gjennomføring av opplæringa.

Kommunen bør i samarbeid med asylmottak tilby asylsøkarar norskopplæring så snart som mogleg etter at dei er komen til mottaket. Opplæringa bør organiserast slik at asylsøkaren får moglegheit til å gjennomføre 175 timar norskopplæring før denne får endeleg vedtak om opphald.

4.4 Avsluttande prøve

Asylsøkarar i målgruppa for norskopplæring i mottak kan gå opp til avsluttande prøve i norsk. Dei kan ta norskprøva gratis éin gong.

5. Særleg om norsk kultur og norske verdiar – opplæring for asylsøkarar

5.1 Omfang

Asylsøkarar som er i målgruppa for ordninga, kan få 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar. Asylsøkarar har ingen lovfesta rett og plikt til opplæringa, men dersom kommunen registrer i NIR at det gis tilbod om opplæring i norsk kultur og norske verdiar og får tilskot, må kommunen sørge for at alle i målgruppa får tilbod om opplæringa.

5.2 Innhald

Opplæringa skal følgje innhaldsbeskrivelse for "Norsk kultur og norske verdiar - opplæring for asylsøkarar" samt tilhøyrande presentasjonar av emna som er utarbeida av Kompetanse Norge.

5.3 Organisering

Opplæringa skal vere gratis for både deltakar og asylmottak. Det er asylmottaket som er ansvarleg for å organisere skyss til og frå opplæringa, som inneber dekning av eventuelle utgifter til og frå opplæringa. Dette inkluderer også eventuelle reiseutgifter til og frå opplæringsstaden. Opplæringa kan organiserast i samanheng med norskopplæring for asylsøkarar. Asylmottaket vil gi kommunane nødvendig informasjon for planlegging og gjennomføring av opplæringa.

Opplæringa i «Norsk kultur og norske verdiar» for asylsøkarar skal skje på eit språk deltakaren forstår, men ikkje nødvendigvis på vedkommande sitt morsmål.

Dei tospråklege lærerane må ha god innsikt i norsk kultur og norske verdiar, og undervisninga må skje under rettleiing frå ein opplæringsstad.

Kommunane bør i samarbeid med asylmottaket tilby asylsøkarar opplæring så snart som mogleg etter at dei er komen til mottaket. Kommunane er oppmoda til å gi alle asylsøkarar i målgruppa høve til å fullføre opplæringa, sjølv om dei har fått endeleg vedtak om opphald, så framt dei framleis bur i ordinært mottak eller integreringsmottak.

6. Kunngjering

Tilskotsordninga kunngjerast på IMDi si nettside for tilskotsordninga, og på departement si nettside for tilskotsordningar.

7. Oppfølging og kontroll

7.1 Rapporteringskrav

Opplysningar som er nødvendige for å gjennomføre opplæringa i asylmottak, følgje opp og evaluere ordningane, skal registrerast av kommunane i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) jf. introduksjonslova § 25. I Forskrift om Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) er det fastsett kva for opplysningar kommunen skal registrere, og kommunane skal innan to månadar registrere desse opplysningane.

Kommunane skal følgje dei same reglane for rapportering på norsk kultur og norske verdiar – opplæring for asylsøkarar som for opplæring i norsk for asylsøkarar i mottak.

Kommunane skal ikkje legge fram særskilt rekneskap for tilskot til norskopplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak. Dersom kommunane gjennomfører opplæring til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, kan kommunane behalde tilskotet.

7.2 Kontroll

Dersom tilskot til opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak er utbetalt på feilaktig grunnlag, vil det etter ei konkret vurdering kunne bli aktuelt å krevje tilbake det tilskotet som er utbetalt. Dette gjeld til dømes dersom ei kommune har registrert i NIR at tilbod om opplæring gis, men ikkje registrerer timar på personar i målgruppa fordi timar ikkje gis.

IMDi og Riksrevisjonen kan setje i gang kontroll med at midlane blir nytta etter føresetnadane jf. bevillingsreglementet § 10, 2. ledd og riksrevisjonslova § 12, 3. ledd.

8. Foreldingsfrist

Den alminnelege foreldingsfristen er tre år rekna frå den dag då kommunen har rett til å krevje å få tilskotet, eller frå det tidspunkt kommunen tidlegast har rett til å krevje tilskotet utbetalt, jf. foreldelseslova §§ 2 og 3.

9. Klagehøve

Tildeling av tilskot og krav om tilbakebetaling av tilskot til opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, er ikkje å rekne som enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova (fvl.) § 2, 1. ledd bokstav b. Kommunane har derfor ikkje klagehøve på korkje tildeling eller krav om tilbakebetaling av tilskot jf. fvl. §§ 3, 1. ledd og 28. Elles gjeld forvaltningslova sine saksbehandlingsreglar. Kommunane kan likevel kontakte IMDi via Kontaktsenter for IMDinett dersom dei har spørsmål om utbetalt/ikkje utbetalt tilskot.

10. Kontakt oss

Spørsmål angåande tilskotsordninga skal bli meldt i det elektroniske supportsystemet Kontaktsenter for IMDinett. Kommunen kan sjølv, ved kommuneadministrativ brukar, opprette brukarar for tilgang til IMDinett.

Spørsmål om organisering av og innhaldet i ordningane kan rettast til Kompetanse Norge.