Kort om tilskota

  • Tilskotsordninga består av to typar tilskot: asylnorsktilskot og kulturtilskot.
  • Tilskota blir automatisk utbetalte til kommunar for asylsøkarar i mottak som er i målgruppa for plikt til opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar.
  • Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv.

Mål for ordninga

  • Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak etter introduksjonlova § 20 bokstav a og tilhøyrande forskrift.
  • Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv.

Kven er i målgruppa

  • Målgruppa er asylsøkarar over 16 år som bur i mottak og er registrert inn i mottaket etter 1. september 2018, unntatt:  
    • asylsøkarar som er omfatta av 48-timers-prosedyren.
    • asylsøkarar som er omfatta av Dublin-prosedyren (også mogleg Dublin-prosedyre).
    • asylsøkarar over 18 år som har vorte nekta realitetsbehandling av søknad om opphaldsløyve.
    • asylsøkarar som har fått vedtak av UDI om avslag eller innvilga søknad om opphaldsløyve.

Korleis blir tilskota berekna

  • Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.
  • Personar kan berre utløyse tilskota éin gong. 
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.

Slik får kommunen tilskot

  • Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast i kvartalet etter at personar i målgruppa er registrerte inn i mottak.

Dette får kommunen i tilskot

TilskotSats

Asylnorsktilskot

14 100 kroner

Kulturtilskot

4 000 kroner

Når blir tilskotsmidlane utbetalte

UtbetalingsdatoUtbetalinga gjeld

15. mai 2020

Nye personar i målgruppa 01.01–31.03.2020

15. august 2020

Nye personar i målgruppa 01.04–30.06.2020

15. november 2020

Nye personar i målgruppa 01.07–30.09.2020

15. februar 2021

Nye personar i målgruppa 01.10–31.12.2020

Tilskotskalkulator

Rundskriv

Kontakt oss

Ta kontakt med Kontaktsenter for IMDinett viss de har spørsmål.

Fant du det du lette etter?