Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak

Sist oppdatert: 15. februar 2022

Kort om tilskotet

  • Tilskotsordninga består av to typar tilskot: asylnorsk og samfunnskunnskap.
  • Tilskota blir automatisk utbetalte til kommunar for asylsøkarar i mottak som er i målgruppa for plikt til opplæring i norsk og opplæring i samfunnskunnskap.

Mål for ordninga

  • Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk og samfunnsliv.
  • Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap i mottak

eller

  • Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i inntil 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap i mottak.

Kven er i målgruppa

  • Asylsøkarar som bur i mottak, og som er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkaren
    • får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i Utlendingsdirektoratet
    • blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter utlendingslova § 32
    • bur på ankomstsenter eller i transittmottak
    • har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet på søknad om vern

Korleis blir tilskota berekna

  •  Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.
  • Personar kan berre utløyse tilskota éin gong.
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.

Slik får kommunen tilskot

Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast i kvartalet etter at personar i målgruppa er registrerte inn i ordinært mottak.

Dette får kommunen i tilskot

Tilskot  Sats i kroner
Asylnorsk 15 100

Samfunnskunnskap

2 100

Når blir tilskotsmidlane utbetalte

Planlagd utbetaling Utbetalinga gjeld
Veke 20 Nye personar i målgruppa 1.1.-31.3.2022
Veke 33 Nye personar i målgruppa 1.4.-30.6.2022
Veke 46 Nye personar i målgruppa 1.7.-30.9.2022
Veke 7, 2023 Nye personar i målgruppa 1.10.-31.12.2022

Tilskotskalkulator

Rundskriv

Kontakt oss

Ta kontakt med Kontaktsenter for IMDinett dersom de har spørsmål om tilskota.

Fant du det du lette etter?