Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Sist oppdatert: 20. mars 2024

Kort om tilskotet

  • Tilskotsordninga består av to typar tilskot, persontilskot og grunntilskot.
  • Persontilskotet blir automatisk utbetalt til kommunar og fylkeskommunar for vaksne innvandrarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
  • Grunntilskotet blir automatisk utbetalt til små og mellomstore kommunar og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Kven er i målgruppa

  • Vaksne innvandrarar mellom 18 og 67 år som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, jf. integreringslova § 27, som har eit av desse opphaldsløyva:
    • opphaldsløyve som flyktning etter utlendingslova § 28
    • opphaldsløyve etter innreiseløyve som overføringsflyktning etter utlendingslova § 35 tredje ledd
    • fornybart opphaldsløyve etter utlendingslova § 38 første ledd på grunnlag av søknad om vern
    • avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie etter utlendingslova § 38 femte ledd bokstav a eller b. For denne gruppa er det eit krav at opphaldsløyvet er fornya.
    • opphaldsløyve på grunnlag av kollektivt vern i ein massefluktsituasjon etter utlendingslova § 34
    • opphaldsløyve etter utlendingslova kapittel 6 som familiemedlem til personar som nemnt i bokstav a til e, under føresetnad av at referansepersonen har vore busett i ein kommune i mindre enn fem år før det blir søkt om familiesameining
    • fornybart opphaldsløyve etter utlendingslova § 53 første ledd bokstav b, andre ledd eller tredje ledd
    • andre opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphald (med unntak av opphaldsløyve nemnt i § 28)
  • Persontilskotet skal bidra til at kommunane gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til å kunne fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet skal dessutan gå til gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap.
  • Grunntilskotet er eit årleg tilskot og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Korleis blir tilskota berekna

Felles for persontilskotet og grunntilskotet

  • For personar som bur i mottak, blir tilskota utbetalte til vertskommunen for mottaket.
  • For personar som ikkje bur i mottak, blir tilskota utbetalte til bustadkommunen. Den folkeregistrerte adressa (DSF) til den enkelte personen bestemmer kva som er bustadkommunen.

Persontilskotet

  • Ein person kan utløyse persontilskot i maksimalt tre år etter faste satsar.
  • Året personen startar opplæringa reknast som år 1.
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskotet delt mellom til- og fråflyttingskommunen, basert på butida i den enkelte kommunen. Sjå rundskriv for detaljar.
  • Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.

Grunntilskotet

  • Grunntilskot blir utbetalte til kommunar som har 1 til 150 personar i berekningsgrunnlaget for tilskotet per 15. januar 2024.
  • Berekningsgrunnlaget for tilskotet i 2024 er personar som kom inn i målgruppa for rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i perioden 16.01.2021–15.01.2024, og som per 15. januar 2024 framleis er i målgruppa. Målgruppa utgjer summen av deltakarar etter begge lovverka.
  • Ein person er med i berekningsgrunnlaget for grunntilskotet i maksimalt tre år.
  • Det er året etter at personen får innvilga førstegongs opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, som blir rekna som år 1. Dette gjeld likevel ikkje for personar som har eit avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie; for dei er året etter førstegongs fornying av opphaldsløyvet å rekne som år 1.
  • Det er ikkje krav om at eit vedtak må vere registrert, for å få utbetalt grunntilskotet, slik det er for persontilskotet.

Slik får kommunen tilskot

  • Vedtak må registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at kommunen skal få utbetalt persontilskot.
  • Slik registrering må gjerast for alle personar, også for dei som flyttar til kommunen, og som kan ha fått opplæring i ein annan kommune tidlegare.
  • Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen.

Slik får fylkeskommunen tilskot

  • Persontilskot blir utbetalt automatisk til fylkeskommunen basert på registrering i NIR.
  • Vedtak må registrerast av kommunen i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at fylkeskommunen skal få utbetalt deler av persontilskotet.
  • Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.
  • Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen.

Dette får kommunen i tilskot

Persontilskotet

TILSKOT 

SATS FOR PERSONAR FRÅ VEST-EUROPA, NORD-AMERIKA, AUSTRALIA OG NEW ZEALAND 

SATS FOR PERSONAR FRÅ AFRIKA, ASIA, AUST-EUROPA, SØR-AMERIKA OG MELLOM-AMERIKA, OSEANIA (BORTSETT FRÅ AUSTRALIA OG NEW ZEALAND) 

Persontilskot år 1 for 2023 

16 800 kroner 
 

39 700 kroner 

Persontilskot år 2 for 2022 

30 600 kroner 
 
 

78 900 kroner 

Persontilskot år 3 for 2021 

19 100 kroner 

54 400 kroner 

 Grunntilskotet 

TAL PÅ PERSONAR I BEREKNINGSGRUNNLAGET  

SATS I KRONER 

1-3 

233 000 

4-150 

694 600 

 Når blir tilskotsmidlane utbetalte?

Persontilskot år 1:

  • April: nye personar i målgruppa som er registrert med startdato på vedtak om opplæring i NIR 01.01 - 31.03.24
  • Juli: nye personar i målgruppa som er registrert med startdato på vedtak om opplæring i NIR 01.04 - 30.06.24
  • Oktober: nye personar i målgruppa som er registrert med startdato på vedtak om opplæring i NIR 01.07 - 30.09.24
  • Desember: nye personar i målgruppa som er registrert med startdato på vedtak om opplæring i NIR 01.10 - 31.12.24

Rundskriv

Kontakt oss

Fant du det du lette etter?