Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Sist oppdatert: 14. april 2021

Kort om tilskotet

  • Tilskotsordninga består av to typar tilskot, persontilskot og grunntilskot.
  • Persontilskotet blir automatisk utbetalt til kommunar og fylkeskommunar for vaksne innvandrarar som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
  • Grunntilskotet blir automatisk utbetalt til små og mellomstore kommunar og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Kven er i målgruppa

Introduksjonslova

  • Vaksne innvandrarar mellom 16 og 67 år som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, jf. introduksjonslova § 17, og som har fått eit av desse opphaldsløyva frå og med 1. januar 2018:
    • opphaldsløyve etter utlendingslova som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve
    • kollektivt vern i ein massefluktsituasjon etter utlendingslova § 34
    • avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie i påvente av dokumentert identitet etter utlendingslova § 38 femte ledd bokstav a eller b
    • avgrensa opphaldsløyve som einsleg mindreårig i påvente av dokumentert identitet etter utlendingslova § 38 femte ledd bokstav a eller b
  • Persontilskotet skal bidra til at kommunane gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til å kunne fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet skal dessutan gå til gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap.
  • Grunntilskotet er eit årleg tilskot og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Integreringslova

  • Vaksne innvandrarar mellom 18 og 67 år som har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, jf. integreringslova § 27, som har eit av desse opphaldsløyva:
    • opphaldsløyve som flyktning etter utlendingslova § 28
    • opphaldsløyve etter innreiseløyve som overføringsflyktning etter utlendingslova § 35 tredje ledd
    • fornybart opphaldsløyve etter utlendingslova § 38 første ledd på grunnlag av søknad om vern
    • avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie etter utlendingslova § 38 femte ledd bokstav a eller b. For denne gruppa er det eit krav at opphaldsløyvet er fornya.
    • opphaldsløyve på grunnlag av kollektivt vern i ein massefluktsituasjon etter utlendingslova § 34
    • opphaldsløyve etter utlendingslova kapittel 6 som familiemedlem til personar som nemnt i bokstav a til e, under føresetnad av at referansepersonen har vore busett i ein kommune i mindre enn fem år før det blir søkt om familiesameining
    • fornybart opphaldsløyve etter utlendingslova § 53 første ledd bokstav b, andre ledd eller tredje ledd
    • andre opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphald (med unntak av opphaldsløyve nemnt i § 28)
  • Persontilskotet skal bidra til at kommunane gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk til å kunne fungere i yrkes- og samfunnslivet. Tilskotet skal dessutan gå til gjennomføring av prøver i norsk og samfunnskunnskap.
  • Grunntilskotet er eit årleg tilskot og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Korleis blir tilskota berekna

Felles for persontilskotet og grunntilskotet

  • For personar som bur i mottak, blir tilskota utbetalte til vertskommunen for mottaket.
  • For personar som ikkje bur i mottak, blir tilskota utbetalte til bustadkommunen. Den folkeregistrerte adressa (DSF) til den enkelte personen bestemmer kva som er bustadkommunen.

Persontilskotet

  • Ein person kan utløyse persontilskot i maksimalt tre år etter faste satsar.
  • Året personen får innvilga førstegongs opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, blir rekna som år 1. Det gjeld likevel ikkje for personar som har eit avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie; for dei blir førstegongs fornying av opphaldsløyvet rekna som år 1.
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskotet delt mellom til- og fråflyttingskommunen, basert på butida i den enkelte kommunen. Kommunen der personen har budd lengst i løpet av året, vil få den største andelen av tilskotet. Sjå rundskriv for detaljar.
  • Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen. Punktet gjeld berre personar som følger integreringslova. Sjå rundskriv for detaljar.
  • Nokre personar utløyser ikkje persontilskot i tre år (unntak frå hovudregel). Det er
    • personar som går frå berre å ha plikt til opplæring til å ha rett og plikt til opplæring. At det ikkje blir utbetalt tilskot for personar som berre har plikt til opplæring, kan føre til at nokre personar utløyser persontilskot i mindre enn tre år. Punktet gjeld berre personar som følger introduksjonslova.
    • personar som er under 16 år når dei får innvilga førstegongs opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, og som fyller 16 år innan det har gått tre år. Ettersom tilskot blir utbetalte for personar mellom 16 og 67 år, blir ikkje tilskotet utbetalt før personen fyller 16 år. Dette kan føre til at nokre personar utløyser persontilskot år 2 og/eller år 3, men ikkje tilskot for tidlegare år. Punktet gjeld berre personar som følger introduksjonslova.

Grunntilskotet

  • Grunntilskot blir utbetalte til kommunar som har 1–150 personar i berekningsgrunnlaget for tilskotet per 15. januar 2021.
  • Berekningsgrunnlaget for tilskotet i 2021 er personar som kom inn i målgruppa for rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i perioden 16.01.2018–15.01.2021, og som per 15. januar 2021 framleis er i målgruppa. Målgruppa utgjer summen av deltakarar etter begge lovverka.
  • Ein person er med i berekningsgrunnlaget for grunntilskotet i maksimalt tre år.
  • Det er året etter at personen får innvilga førstegongs opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, som blir rekna som år 1. Dette gjeld likevel ikkje for personar som har eit avgrensa opphaldsløyve som medlem av ein barnefamilie; for dei er året etter førstegongs fornying av opphaldsløyvet å rekne som år 1.
  • Det er ikkje krav om at eit vedtak må vere registrert, for å få utbetalt grunntilskotet, slik det er for persontilskotet.

Slik får kommunen tilskot

  • Vedtak må registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at kommunen skal få utbetalt persontilskot.
  • Slik registrering må gjerast for alle personar, også for dei som flyttar til kommunen, og som kan ha fått opplæring i ein annan kommune tidlegare.
  • Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen. Tilskotet blir utbetalt automatisk for heile den perioden personen bur i kommunen, uavhengig av når vedtaket blei registrert.

Dette får kommunen i tilskot

Persontilskotet

Tilskot Sats for personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand Sats for personar frå Afrika, Asia, Aust-Europa, Sør-Amerika og Mellom-Amerika, Oseania (bortsett frå Australia og New Zealand)
Persontilskot år 1 for 2021 14 800 kroner 34 800 kroner
Persontilskot år 2 for 2020 26 700 kroner 69 100 kroner
Persontilskot år 3 for 2019 16 600 kroner 47 900 kroner

Grunntilskotet

Tal på personar i berekningsgrunnlaget  Sats i kroner
1-3 204 700
4-150 610 000

Når blir tilskotsmidlane utbetalde?

Introduksjonslova

Tilskotstype Tentativ utbetalingsdato Utbetalinga gjeld
Persontilskot år 2 og 3 15. mars 2021 Personar som kom inn i målgruppa i 2019 og 2020
  15. mai 2021 Flyttekorrigeringar og endringar i NIR for perioden 01.01.21-31.03.21
  15. august 2021 Flyttekorrigeringar og endringar i NIR for perioden 01.04.21-30.06.21
  15. november 2021 Flyttekorrigeringar og endringar i NIR for perioden 01.07.21-30.09.21
Persontilskot år 3 15. februar 2022 Flyttekorrigeringar og endringar i NIR for perioden 01.10.21-31.12.21 Personar som kom inn i målgruppa i 2020

Integreringslova

På grunn av omlegging av tilskotsordninga og IMDinett som følge av ny lov blir utbetalingsdatoane endra for 2021.

Tilskotsår Planlagd utbetaling Utbetalinga gjeld
Persontilskot år 1 Veke 35 Nye personar i målgruppa og som er registrerte med vedtak om opplæring i NIR 1.1.-31.3.2021
  Veke 37 Nye personar i målgruppa og som er registrerte med vedtak om opplæring i NIR 1.4.-30.6.2021
  Veke 46 Nye personar i målgruppa og som er registrerte med vedtak om opplæring i NIR 1.7.-30.9.2021
  Veke 7, 2022 Nye personar i målgruppa og som er registrerte med vedtak om opplæring i NIR 1.10.-31.12.2021

Tilskotskalkulator

Rundskriv

Kontakt oss

Ta kontakt med Kontaktsenter for IMDinett dersom de har spørsmål om tilskota.

Fant du det du lette etter?