Samordna busetting av flyktningar

Større samordning på tvers av sektorar og forvaltningsnivå er nødvendig for å kome vidare med busettingsutfordringa, viser ein ny rapport frå Fafo. Ein god og stabil busituasjon er viktig for flyktningar sin integrering og levekår.

Utgitt: 9. november 2015

Rapporten er utarbeida på oppdrag frå IMDi og Husbanken.

IMDi og Husbanken har begge viktige rolle i arbeidet med å legge til rette for at kommunane har nok eigna bustader til å busette flyktningar. Forskarane finn at det føregår mykje samordning mellom Husbanken og IMDi sine regionale ledd, men at graden av samordning varierer stort frå region til region.

Sjølv om det er vanskeleg å påvise konkrete resultat av statleg samordning på kommunalt nivå, meiner forskarane likevel at god samordning mellom IMDi og Husbanken kan gi betre kompetanse om og dialog med kommunane, og overordna sett aukar etatane sin handlingskapasitet. 

Levekår

Kommunane som er intervjua trekkjer fram kor viktig det er med ein stabil busituasjon for at flykningar skal lukkast med å lære norsk, delta på kurs, skule og i arbeid, og bli ein del av eit lokalmiljø. Samtidig ser kommunane dilemma knytt til at flyktningar sin første bustad ofte er midlertidig, noko som kan vere ei utfordring for deltaking.

Etterspør løysingar

Kommunane opplever alle at det er ei utfordring å ha nok bustader, bustader av god nok kvalitet og bustader som er tilpassa dei ulike flyktningane som kjem. Det er særleg utfordrande å busette store barnefamiliar ettersom det er få bustader – både kommunale og i den private leigemarknaden – som er store nok.

Kommunane peikar på at det er behov for auka statlege overføringar for å løyse busettingsutfordringar. Kommunane etterlyser også konkrete døme og oppskrifter på korleis ein kan organisere løysingar lokalt, og det er eit ønske om større grad av konkretisering og tydelege råd. 

Avslutningsvis gir forskarane ein overordna diskusjon av staten si rolle overfor kommunane når det gjeld busetting og bustadløysingar for flyktningar. Her kjem det fram at gjeldande styringsformer skaper både moglegheiter og utfordringar i busettingsarbeidet.

Se flere rapporter om

bosetting.

Fant du det du lette etter?