Sjølv om tilstrøyminga av flyktningar i fjor var høg, er det få personer som har fått opphald, og som ventar på å få tildelt ein busetjingskommune.

Grunnen til det er at UDI har fleire saker å behandle enn tidlegare, og saksbehandlarane har ikkje greidd å ta unna og fatte nok vedtak. Dessutan har UDI tidlegare fått instruks om å prioritere høgare sakene til dei som mest truleg skal sendast ut av landet igjen.

Les meir om dette i møtereferatet frå Nasjonalt utval for mottak og busetjing (PDF). 

Situasjonen vil ifølgje dei nye prognosane endre seg gradvis i perioden frå mars til juni, etter kvart som fleire asylsøkjarar får opphald og fleire overføringsflyktningar blir tildelte kommune. UDI gjer òg endringar i prioriteringane og vil behandle fleire av sakene der søkjaren mest truleg får opphald, som søknader frå eritrearar og syrarar.

Les meir om utviklinga av busetjingsbehovet i 2016 i dette notatet (PDF).

Dette kan kommunane gjere

Nokre kommunar har tidleg på året hatt høve til å busetje fleire flyktningar enn dei har fått tildelt. I tillegg er mange av flyktningane som er klare for busetjing, einslege vaksne og einslege mindreårige.

Denne situasjonen kan vere utfordrande for kommunar som har lagt opp til jamn busetjing gjennom året, men IMDi må i denne situasjonen prioritere kommunar som buset raskt, og som har stor busetjingskapasitet. Vi ønskjer derfor tett dialog med den enkelte kommunen for å finne fleksible løysingar inntil fleire flyktningar er klare til å bli busette.

Her er døme på nokre løysingar:

Bufellesskap for einslege vaksne

Kommunar som har ledige bustader, men som ikkje får flyktningane dei hadde sett for seg, kan sjå om bustadene kan tilpassast til dei som ventar i mottak no. Dei kan vurdere om fleire bukollektiv for einslege vaksne kan vere eit alternativ, sjølv om det er få personar frå den same nasjonalitetsgruppa.

I dei tilfella der det ikkje er mogleg å finne ei løysing på kort sikt, tilrår IMDi at ledige bustader blir disponerte til andre grupper som har behov.

Raskare busetjing av einslege mindreårige – og fleire plassar til dei under 15 år

Det er viktig å leggje til rette for raskare busetjing av einslege mindreårige flyktningar. Dei siste prognosane viser at det er behov for å busetje om lag 2400 einslege mindreårige flyktningar. Om lag 650 av dei er under 15 år. Det er ein nedgang samanlikna med den opphavlege prognosen frå november 2015, som var 4400 einslege mindreårige. Behovet for plassar til einslege mindreårige over 15 år i 2016 er snart dekt, men ein manglar framleis plassar til dei under 15 år. 

Dersom kommunane skulle vedta fleire plassar for einslege mindreårige enn det som er behovet ifølgje dei siste prognosane, vil IMDi ta kontakt med aktuelle kommunar om fordelinga mellom plassar for einslege vaksne og familiar og plassar for einslege mindreårige. IMDi vil òg ha dialog med kommunar som har ønskt å vente med å vurdere om dei skal busetje einslege mindreårige flyktningar.

Integrering i mottak

Kommunar som har asylmottak, kan òg tenkje integrering. Vi veit at blant visse grupper asylsøkjarar vil dei fleste få opphald, men det vil ta lengre tid å få behandla søknadene deira. Å komme i gang med aktivitetstilbod, til dømes norskopplæring for asylsøkjarar, og integreringstiltak i mottak er derfor svært viktig.

God tid til planlegging

Kommunane kan òg bruke tida til å planleggje korleis dei mange nye flyktningane som etter kvart kjem, skal integrerast i lokalsamfunnet. Det kan handle om å mobilisere til innsats og aktivitetar frå frivillige, rekruttere kompetent personell innanfor helse, tolking, vaksenopplæring og arbeidsformidling eller auke kapasiteten i tenestetilbodet.