Befolkninga meir restriktiv til innvandring og integrering
Samtidig er fleire av haldningane nyanserte og stabile over tid.
Publisert: 27. mai 2026
No lanserer Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) den 12. utgåva av Integreringsbaromereret – Noregs mest omfattande undersøking om haldningane befolkninga har til innvandring, integrering og mangfald.
Undersøkinga gir både eit augneblinksbilete av dagens haldningar i befolkninga og innsikt i korleis dei har utvikla seg over tid.
– Innvandring og integrering er tema som engasjerer og skaper debatt. Derfor er det viktig å ha solid kunnskap om korleis befolkninga oppfattar utviklinga på integreringsfeltet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Haldningane endra etter Ukraina-krigen
Færre enn før trur forholdet mellom innvandrarar og resten av befolkninga vil bli betre i framtida. Samtidig meiner også fleire enn før at manglande integrering kjem av innvandrarane sjølv.
IMDis direktør understrekar at haldningsundersøkingar ikkje er ein fasit på korleis integreringa faktisk fungerer, men at det er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget.
– Saman med anna forsking, statistikk og erfaringar frå praksisfeltet gir Integreringsbarometeret eit breiare og meir heilskapleg bilete av integreringsfeltet, seier Rieber-Mohn.
Etter Russlands angrep på Ukraina i 2022 såg me ei tydeleg endring i synet på innvandring og integrering. Det var også ein relativt stor vilje til å ta imot flyktningar. Denne effekten har no minka og haldningane er tilbake til der dei var før fullskalainvasjonen.
I nokre tilfelle er haldningane også meir restriktive enn før 2022, særleg når det gjeld å ta imot fleire flyktningar, asylsøkjarar og familiemedlemmer og til busetjing av flyktningar i eigen kommune.
Fleire synspunkt stabile over tid
Dei lange tidsseriane i Integreringsbarometeret viser samtidig at fleire haldningar har vore stabile dei siste 20 åra. Det gjeld til dømes synet på om innvandring i hovudsak er bra eller dårleg for Noreg, synet på om arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa gjer ein nyttig innsats i norsk arbeidsliv, og synet på om verdiane innanfor islam er i samsvar med dei grunnleggjande verdiane i det norske samfunnet.
– Stabilitet kan vera eit like viktig funn som endring. Når haldningar held seg stabile over tid, kan det tyda på at dei er djupt forankra i befolkninga og ikkje berre uttrykk for mellombelse stemningar, seier Riber-Mohn.
FAKTA – Hovudfunn i rapporten:
Befolkninga i Noreg har vorte meir innvandringskritiske dei siste åra:
- Halvparten meiner at påstanden «me bør ikkje sleppa inn fleire innvandrarar i Noreg» passar heilt eller ganske godt.
- Det er særleg skepsis til å ta imot flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte.
- Nesten halvparten meiner at det går dårleg med integreringa, medan drygt to av ti meiner det går bra. Resten svarer verken-eller.
- Langt færre enn tidlegare er samde i påstanden «Kommunen min bør busetja fleire flyktningar». I 2025 oppgjer sju av ti at denne påstanden ikkje passar.
- Folk er bekymra for auka kriminalitet og at velferdsstaten blir svekt, på grunn av innvandring. Sju av ti seier auka innvandring vil føra til meir kriminalitet i Noreg.
- Fleire enn før meiner at manglande integrering kjem av innvandrarane sjølv. I 2021 svarte 73 prosent dette. I 2025 er andelen 84 prosent.
- Halvparten meiner no at innvandring truar samhaldet i Noreg og utgjer ein alvorleg trussel mot den nasjonale eigenarten vår.
- Innbyggjarar i storbyar, i rike kommunar og i område med høg innvandrardel er meir positive til integrering enn dei som bur i mindre kommunar, eller kommunar med lågare innvandrardel.
- Det er særleg yngre menn som har vorte meir innvandringskritiske.
Samtidig er haldningane til befolkninga samansett:
- Folk er meir positivt innstilt til arbeidsinnvandrarar; dei meiner at denne gruppa bidreg til norsk økonomi og velferd, og vil gjerne ta imot fleire.
- Haldningane er meir positive når folk vurderer integreringa i sitt eige nærmiljø. Mange opplever altså integrering som meir utfordrande for samfunnet enn i kvardagslege møte.
- Tre av fire i befolkninga meiner at diskriminering av innvandrarar førekjem i stor eller noka grad.
- Åtte av ti svarer at rasisme opprører dei.
FAKTA – Om rapporten:
Forskingsrapporten «Haldningar til innvandring, integrering og mangfald. Integreringsbarometeret 2026» er utarbeidd av Institutt for samfunnsforsking (ISF) på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).
Rapporten byggjer på ei spørjeundersøking gjennomført i november og desember 2025, i eit representativt befolkningsutval på rundt 3000 respondentar.
Til saman har undersøkinga vorte gjennomført 12 gonger sidan 2005.