Ber kommunane busetja 13 000 flyktningar i 2026

Sidan 2024 har talet busette flyktningar gått ned. No aukar tala igjen og neste år blir kommunane bedne om å ta imot 13 000 flyktningar.

Publisert: 31. oktober 2025

En mann og en liten jente går ned en gate og holder hverandre i hendene.

I 2024 vart det busett over 25 600 flyktningar i Noreg. Så langt i 2025 har me busett rundt 10 000. Dei aller fleste er frå Ukraina. For neste år er det anslått at det kjem rundt 13 000 flyktningar som vil trenga ein stad å bu rundt om i kommunane i landet.

(Her finn du tal på kor mange flyktningar kvar enkelt kommune blir beden om å busetja i 2026.)

Sidan 2022 har Noreg teke imot nær 100 000 flyktningar, dei fleste frå Ukraina. Framleis er mange menneske på flukt, og no ber styresmaktene kommunane i landet om å ta imot og integrera fleire flyktningar i 2026.

– Fullskala invasjon av Ukraina går inn i sitt femte år, og norske kommunar har vist ein imponerande innsats ved å busetja nærare 100 000 flyktningar dei siste åra. I lokalsamfunn over heile landet har flyktningar fått norskopplæring, arbeidstrening og stadig fleire kjem i jobb. Samtidig opplever mange kommunar at presset på tenester og bustader er stort, og me veit det blir krevjande å halda fram med å busetja mange flyktningar til neste år. Me skal ikkje ta imot fleire enn me klarer å integrera, og regjeringa er derfor førebudd på å ta ytterlegare innstrammingsgrep dersom situasjonen tilseier det, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Framleis stort behov

Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) som har ansvar for å busetja flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg. Dette blir gjort i tett samarbeid med kommunane.

– Noreg har aldri tidlegare teke imot så mange flyktningar i løpet av nokre få år. Det har me fått til takk vera den gode innsatsen som blir gjort i kommunane i landet – både med å skaffa folk bustader og la dei bli ein del av lokalsamfunnet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i IMDi.

I 2024 vart det busett over 25 600 flyktningar i Noreg. Så langt i 2025 har me busett rundt 10 000. Dei aller fleste er frå Ukraina. For neste år er det anslått at det kjem rundt 13 000 flyktningar som vil trenga ein stad å bu rundt om i kommunane i landet.

Må vera førebudd på svingingar 

Behovet blir påverka direkte av kor mange som til ein kvar tid kjem til Noreg og som får opphaldsløyve.

– Me går snart inn i det femte året med høge tal. Behovet for å busetja 13 000 flyktningar er basert på ein prognose for heile året, men me må vera førebudde på svingingar. Me har forståing for at det store behovet har medført press på kommunale tenester i fleire kommunar, seier Rieber-Mohn.

Blant flyktningane som er venta å komma finn me to spesielt sårbare grupper: barn og ungdommar som kjem hit utan foreldre eller omsorgspersonar (einslege mindreårige flyktningar) og personar med behov for særskild oppfølging.

Oppmoding om busetjing av flyktningar per fylke:

Fylke Oppmodning 2026 Einslege mindreårige 2026
(Desse tala inngår i oppmodinga)
Oslo 600 66
Rogaland 1002 28
Møre og Romsdal 1030 30
Nordland 1100 62
Østfold 350 32
Akershus 1002 52
Buskerud 797 42
Innlandet 1054 62
Vestfold 383 7
Telemark 559 34
Agder 800 47
Vestland 1474 46
Trøndelag 1583 76
Troms 850 42
Finnmark 416 25
Heile landet 13 000 651

 

Fakta om busetjing av flyktningar:  

  • Kvar haust sender Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) brev til kommunane der me ber dei om å busetja eit visst antal flyktningar neste år. 
  • Talet er basert på ein nasjonal prognose over kor mange som totalt sett vil trenga busetjing. I 2026 er det venta å gjelda 13 000 flyktningar. 
  • Prognosen er eit reknestykke samansett av tre hovudtal: kor mange flyktningar ein reknar med vil komma til Noreg, kor mange som er venta å få innvilga opphald, og talet på kvoteflyktningar (overføringsflyktningar) som blir vedtekne av Stortinget.
  • IMDi fastset talet på flyktningar som kvar enkelt kommune skal bedast om å busetja, på bakgrunn av kriterium frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og basert på innspel og tilrådingar frå KS og fylkeskommunane. 
  • Kommunane behandlar oppmodinga frå IMDi politisk og vedtek kor mange dei skal busetja. 
  • IMDi gir kommunane tilskot som skal dekkja meirutgiftene til busetjing og integrering. Det inneber eit generelt integreringstilskot, eit tilskot for barn som kjem hit utan foreldre, og ein sum til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.