Finst det «parallellsamfunn» i Skandinavia?
Ein ny rapport gir ei samla oversikt over forsking og kunnskap om såkalla parallellsamfunn, utsette område og bustadsegregering i Noreg, Sverige og Danmark.
Publisert: 19. januar 2026
«Parallellsamfunn i Skandinavia? En kunnskapsstatus om parallellsamfunn, utsatte områder og boligsegregering» er utarbeidd av Fafo, på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
Fafo viser mellom anna at omgrepet parallellsamfunn blir brukt og forstått ulikt i dei tre landa. Dette gjer det utfordrande å samanlikna fenomenet på tvers av Skandinavia. Forskarane peikar også på at omgrepet i liten grad er vitskapleg forankra, og at det kan verka stigmatiserande. I rapporten blir det derfor tilrådd at norske styresmakter i større grad legg vekt på segregering som analytisk omgrep. Forskinga på segregering har meir utvikla metodar for å vurdera når og korleis innvandrarbakgrunn er relevant å følgja med på, og når det ikkje er det.
Vidare har Fafo gått gjennom kva tiltak som er sett i verk for å førebyggja utviklinga av segregerte og/eller levekårsutsette område i Danmark, Noreg og Sverige, og dessutan kva effekt desse tiltaka har hatt. Kort sagt finst det ingen enkeltgrep som kan løysa utfordringane, men forskinga viser til fleire verkemiddel som kan bidra til ei positiv utvikling.
Rapporten peikar mellom anna på førebyggjande tiltak innan barnehage og skule, inkluderande fritidstilbod, områdesatsingar og tverretatleg samarbeid. Det kan gi positive resultat lokalt. Om hovudårsakene til utfordringa løysast er meir usikkert. Det blir også understreka at tiltak med gode resultat ikkje alltid er overførbare til andre område eller land på grunn av ulike lokale og nasjonale føresetnader.
Til slutt framhevar rapporten at tema som vedvarande låginntekt, levekårsutsette område, kriminalitet og segregering er samansette problemstillingar. Dette er utfordringar som ikkje kan løysast gjennom enkelttiltak, men som krev langsiktig og koordinert innsats på tvers av sektorar.