Flyktningar blir busette over heile landet – mange blir verande

Det er styresmaktene som avgjer kvar flyktningar skal bu. Ein ny rapport viser at det fungerer godt: to av tre blir verande i den kommunen dei blir busette i.

Publisert: 12. juni 2025, Sist oppdatert: 12. juni 2025

To av tre flyktningar blir verande i den kommunen dei blir busette i. Særleg barnefamiliane ønskjer ikkje å flytta på seg, viser ein ny forskingsrapport.

Alle flyktningar som får opphald i Noreg, skal få ein ny heimstad i ein kommune.

– Det er positivt at mange flyktningar ønskjer å bli verande i kommunen dei blir busette i. I Noreg har me spreidd og styrt busetjing. Målet vårt er at flyktningar skal integrerast gjennom jobb og utdanning i kommunen dei busetjast. Eg vil sjå på korleis me kan lykkast endå betre med busetjing og integrering framover, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Positivt for samfunnet

To av tre flyktningar blir verande i den kommunen dei blir busette i. Det viser analysar av flyktningars flyttemønster, referert i rapporten «Flytting etter busetjing».

Rapporten er skriven av Fafo og Oslo Economics, på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). 

– Dette er positive tal som viser at busetjingsmodellen treffer godt. Mange av kommunane i landet gjer ein god jobb med å busetja og integrera flyktningane. Det er viktig for at dei kan komma i arbeid og finna sin plass i lokalsamfunnet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Barnefamiliar blir buande

Naturleg nok vel nokre flyktningar å flytta. Grunnen til det er samansett, viser forskingsrapporten. Viktige faktorar er studiar, arbeidsmarknaden, familie, manglande lokal integrering og mangel på tilbod innan utdanning og helse.

Blant dei som flyttar er det fleire einslege unge menn, medan personar med barn oftare blir verande.

Tendensen er at dei som flyttar gjerne dreg frå dei minste og mest avsidesliggjande kommunane, til større stader.

Fakta om busetjing av flyktningar

  • Det er Arbeids- og inkluderingsdepartementet som har det overordna ansvaret for integreringspolitikken. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) skal bidra til å utvikla og setja i verk politikken.
  • Kvart år ber Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) kvar enkelt kommune om å busetja eit visst antal flyktningar. Kor mange kommunar og flyktningar det gjeld kjem an på kor mange som har komme til landet og treng ein stad å bu. 
  • No er me inne i ein periode med historisk høge tal. Etter starten av krigen i Ukraina i 2022 har det komme rundt 100 000 flyktningar til Noreg.
  • Kommunane bestemmer sjølv om dei vil busetja flyktningar, og kor mange dei vil ta imot.
  • IMDi gir kommunane tilskot som skal dekkja meirutgiftene til kommunane til busetjing og integrering. Det inneber eit generelt integreringstilskot, eit tilskot for barn som kjem hit utan foreldre, og ein sum til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
  • Ifølgje integreringslova har flyktningar berre krav på introduksjonsprogram og introduksjonsstønad der dei først vart busette. I praksis gjeld dette også sosiale ytingar dei fem første åra. 

Fakta om forskingsrapporten

  • Rapporten handlar om flyktningar som flyttar frå kommunen dei blir busette i.
  • Den er skriven av Fafo og Oslo Economics på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).
  • Rapporten ser på kvifor flyktningane vel å flytta og kva konsekvensar det har.
  • Forskarane har gjennomført intervju med flyktningar, kommunalt tilsette og tilsette i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Det er også sendt ei spørjeundersøking til kommunane.
  • Dei har også sett på data om flyttemønster for flyktningar i perioden 2010-2023.

Her kan du lasta ned og lesa heile forskingsrapporten (på bokmål).