Kommunenettverk = fleire flyktningar i jobb
42 kommunar har delteke i eit nettverk som har fått fleire flyktningar i jobb. Effekten er størst i dei minste kommunane, der sjansen for å få jobb er seks prosentpoeng større.
Publisert: 15. juni 2026
For å spreia metoden vil KS, Nav og IMDi i fellesskap arrangera ein webinar-serie hausten 2026 der målgruppa er kommunar som ønskjer å få fleire flyktningar inn i jobb.
Konklusjonen frå forskarane er at det er ein signifikant samanheng mellom nettverksdeltaking og auka sysselsetjing. Flyktningar busette i kommunar som har delteke i nettverket, har tre prosentpoeng større sjanse for å komma i jobb.
For dei minste kommunane er effekten seks prosentpoeng større. Evalueringa dekkjer perioden i nettverket frå årsskiftet 2024/25 til 2025/26.
Deltakarkommunane har forplikta seg til å gjennomføra minst eitt målretta tiltak i løpet av nettverksperioden. Tiltaka omfattar praksisplassar, jobb i kommunale tenester, samarbeid med næringslivet, norskopplæring, bransjekurs og mentorordningar.
Det er også utvikla tiltak som jobbklubb, møteplassar, førarkortstøtte og gründerkurs. Fleire kommunar nyttar lønnstilskot og vurderer unntak frå kvalifikasjonsprinsippet for å inkludera flyktningar i kommunale jobbar.
Skien kommune er ein av kommunane som har delteke i nettverket. Her kan du lesa meir om korleis kommunen har brukt integreringstilskotet til å finansiera mellombelse stillingar. Saman med omdisponerte midlar frå sosialhjelpsbudsjettet og lønnstilskot frå Nav, har kommunen tilsett over 90 personar på seksmånaders kontraktar.
Det er By- og regionforskningsinsituttet (NIBR), ved OsloMet, som på oppdrag frå KS har evaluert utviklingsnettverket «Flyktningar i jobb».
Utviklingsnettverket bestod av 42 kommunar (inkludert ein bydel i Oslo) av ulik storleik, geografisk plassert i alle delar av landet. Dei fleste kommunegruppene i nettverket bestod av representantar for flyktningtenesta, vaksenopplæringa, kommunalt HR og Nav.