Ledig kapasitet blant tolkar

Mange som treng tolkar opplever at det er vanskeleg å få tak i profesjonelle. Samtidig sit tolkar paradoksalt nok og ventar på fleire oppdrag.

Publisert: 11. august 2025

Bruk av utdanna tolkar er viktig for å tilby god rettleiing og likeverdige offentlege tenester til folk som ikkje snakkar norsk.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har gjennomført ei kartlegging av kapasiteten og tilgjengelegheita blant tolkane i Nasjonalt tolkeregister.

Undersøkinga viser at ein stor del har kapasitet til å tolka meir enn dei gjer i dag, og ønskjer fleire oppdrag. Dette er positivt for offentlege organ som har behov for tolking.

Avdekte alvorlege paradoks

Kartlegginga har avdekt fleire paradoks knytte til tolkars kapasitet og tilgjengelegheit. Det mest alvorlege er at ein stor del av tolkane på språka med størst behov, opplever at dei får få oppdrag.

Mangelen på oppdrag gjer at fleire har teke seg andre jobbar ved sida av, og dermed blir mindre tilgjengelege.

Dette skaper ein paradoksal situasjon der offentlege verksemder strevar med knappleik på tolkar, medan tolkane strevar med knappleik på oppdrag.

– Me får tilbakemeldingar om at mange som treng desse tenestene, opplever at det er veldig vrient å få tak i kvalifiserte tolkar. Men tolkane sit altså med ei anna oppleving, forklarer Martin Bakken, seniorrådgivar i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Han har ei klar tilråding til verksemdene:

– Me veit ikkje kvifor opplevinga av tilgjengelegheit er så ulike, men me veit at det fungerer å ta tolkebehovet for verksemda på alvor. Dei som ikkje set ut oppgåva til eksterne byrå, men sjølv tek ansvar for bestilling i eigen regi, lykkast best. Gode retningslinjer for bestilling og bruk av tolk er også ein nøkkel til suksess.  Kontakt gjerne oss i IMDi, me kan hjelpa til med rettleiing, seier Bakken.

Behov for fleire tolkar med utdanning

Rådgivaren påpeikar at rammene for oppdraga naturleg nok har noko å seia. Dette kjem også fram av undersøkinga:

– Dei som tilbyr attraktive vilkår, slit sjeldan med å få tak i gode tolkar, seier Bakken.

Dei som oftast fell frå tolkeyrket og tek seg anna arbeid, er personar i den lågaste kvalifikasjonskategorien av det nasjonale registeret. Dei manglar utdanning og har berre gjennomført eit kortvarig kvalifiseringsforløp.

Tolkar med utdanning og/eller statsautorisasjon rapporterer i større grad at dei satsar på yrket. Difor er det behov for at fleire får utdanning, og at offentlege organ sørgjer for å bruka dei til oppdraga sine.

Last ned og les heile rapporten her (på bokmål).