Rekordmange innvandrarar har delteke i introduksjonsprogram

I fjor deltok 36 100 innvandrarar i introduksjonsprogrammet. Det er rekordmange. Blant dei som avslutta programmet gjekk nær halvparten ut i jobb eller utdanning.

Publisert: 19. juni 2025

I 2024 gjekk 41 prosent av innvandrarane som avslutta introduksjonsprogrammet rett ut i arbeid. Tala viser likevel klare forskjellar fylka imellom, og frå kommune til kommune.

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram som skal førebu innvandrarar på å delta i det norske arbeidslivet.  

Gjennom programmet får dei mellom anna opplæring og kunnskap om arbeidslivet, dei lærer norsk og får forståing for samfunnet. Målet er at kvar enkelt skal komma i jobb eller utdanning når dei er ferdige.   

– Arbeid er viktig for integrering, og introduksjonsprogrammet er ein god og effektiv måte for flyktningar å komma i jobb. Regjeringa har som mål å få endå fleire flyktningar i jobb framover. Derfor har me nyleg gjort fleire grep for å få til det, mellom anna har Stortinget nettopp vedteke forslaget om meir arbeidsretting i integreringslova, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna. 

Positivt for samfunnet 

Direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi), Libe Rieber-Mohn, peikar på resultata som blir skapte:  

– Arbeidslivet er nøkkelen til god integrering. Når kommunane sørgjer for gode og tilrettelagde program, ser me at fleire får jobb i etterkant. Det er bra både for kvar enkelt, for verksemder som treng arbeidskraft og for samfunnet, seier Rieber-Mohn. 

Talet på flyktningar som kjem til Noreg har vore historisk høgt dei siste åra. Sidan Russland angreip Ukraina i 2022 har det komme rundt 100 000 flyktningar til landet. 

Fjorårstalet viser at 36 100 deltok i introduksjonsprogrammet – ein auke på ti prosent frå 2023. Dei fleste av deltakarane var frå Ukraina.  

Ser store forskjellar 

Totalt avslutta 16 000 personar programmet i fjor. 

  • 41 prosent gjekk rett ut i arbeid etter enda program. Det er tilsvarande resultatet i 2023, men ein klar auke frå 2021 og 2022 då rundt 20 prosent gjekk ut i jobb.

  • Totalt fire prosent starta på ei utdanning. Det er ein nedgang på fire prosentpoeng frå 2023, noko som kan henga saman med det høge utdanningsnivået blant ukrainarane og målsetjinga om rask overgang til arbeid for denne gruppa.

  • Det er store forskjellar mellom flyktninggruppene: 43 prosent av dei fordrivne frå Ukraina gjekk direkte over i arbeid og to prosent gjekk til utdanning i 2024. Tilsvarande tal blant deltakarar med annan bakgrunn viser at 25 prosent gjekk direkte over i arbeid, medan 19 prosent gjekk til vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

  • Det er også store forskjellar mellom kommunane og fylka når det gjeld kor mange flyktningar som går ut i arbeid og utdanning. Eksempelvis: 62 prosent gjekk ut i arbeid eller utdanning i Troms, medan det same gjaldt for 30 prosent i Agder.

Fleire menn enn kvinner i arbeid 

Det er også nokre klare kjønnsforskjellar i statistikken: medan 53 prosent av mennene gjekk ut i jobb eller utdanning, gjaldt det same berre for 39 prosent av kvinnene.  

– Tala viser at me må halda fram med å jobba for å auka andelen kvinner med innvandrarbakgrunn i arbeidslivet. Når kvinner får inntekt og arbeidserfaring, blir dei også meir økonomisk sjølvstendige. Det bidreg ikkje berre til auka likestilling, men også ein økonomisk tryggare oppvekst for barna, seier Rieber-Mohn.  

Resultat per fylke  

Andel deltakarar med overgang til arbeid og/eller utdanning direkte etter avslutta introduksjonsprogram i 2024:  
 

Kvinner  

Menn  

Begge kjønn  

Troms  

58 %  

67 %  

62 %  

Buskerud  

50 %  

61 %  

55 %  

Østfold  

44 %  

63 %  

53 %  

Møre og Romsdal  

42 %  

60 %  

50 %  

Vestfold  

38 %  

63 %  

49 %  

Nordland  

43 %  

54 %  

48 %  

Finnmark  

48 %  

48 %  

48 %  

Oslo  

39 %  

58 %  

47 %  

Akershus  

38 %  

58 %  

47 %  

Trøndelag  

40 %  

53 %  

46 %  

Innlandet  

39 %  

53 %  

45 %  

Vestland 

36 %  

49 %  

42 %  

Rogaland  

31 %  

46 %  

38 %  

Telemark  

32 %  

43 %  

37 %  

Agder  

22 %  

39 %  

30 %  

Ukjent  

4 %  

6 %  

5 %  

Totalt  

39 %  

53 %  

45 %  

Fakta - Dette er introduksjonsprogrammet

Introduksjonsprogrammet er eit opplæringsprogram for nykomne innvandrarar. Her lærer deltakarane norsk og får forståing for det norske samfunnet og arbeidslivet. Programmet inneheld også arbeids- eller utdanningsretta innhald, og kan vara alt frå tre månader til fire år, avhengig av kompetansen til deltakaren frå heimlandet.  

Desse har rett og plikt til å delta i programmet:  

  • Overføringsflyktningar og asylsøkjarar mellom 18 og 55 år som får innvilga opphaldsløyve.  
  • Familiemedlemmer av desse overføringsflyktningane og asylsøkjarane som kjem til landet seinare.  

Desse har rett, men ikkje plikt til å delta:  

  • Fordrivne frå Ukraina med kollektivt vern.  

Det er kommunane der flyktningane bur som har ansvaret for at kvar enkelt får eit introduksjonsprogram med godt og personleg tilpassa innhald.  

Dette arbeidet gjer kommunane med fagleg støtte frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi), som er eit nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet.

Her kan du lasta ned og lesa rapporten Nøkkeltall for introduksjonsordningen 2024 (på bokmål)

Her finn du statistikk for kvar kommune, etter avslutta introduksjonsprogram 2024 (på bokmål)