Ingen «eliteflukt» blant innvandrarbarna

I fjor starta ein diskusjon om at mange unge, høgt utdanna barn av innvandrarar dreg utanlands på grunn av manglande tilhøyrsel til Noreg. Det stemmer ikkje, viser ny forsking.

Publisert: 03. mars 2026

Under éin prosent av unge, norskfødde med innvandrarbakgrunn flyttar frå Noreg. Denne andelen har ikkje auka dei siste åra, men tvert imot gått ned over tid. Samtidig kjem nesten halvparten tilbake innan fem år.

Det er konklusjonen i ein fersk rapport frå By- og regionforskingsinstituttet NIBR, skrive på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). 

– Det er likevel viktig at desse unge vaksne skal bli godt og rettferdig behandla i Noreg, på lik linje med resten av befolkninga. Fleire seier dei opplever diskriminering i arbeidslivet og samfunnet elles. Det må me alle jobba imot, seier Ena Pinjo, analysesjef i IMDi.

For dei få som flyttar, peikar rapporten på nokre hovudgrunnar: ambisjonar og eventyrlyst, erfaringar med ekskludering og diskriminering, og ein identitet og tilhøyrsel som også inkluderer andre land.

Forskarane har gjennomført djupneintervju med eit utval av utflyttarane, og dette er blant konklusjonane: 

  • Vonde opplevingar i Noreg.

Nokon har gjentekne erfaringar med å ikkje bli oppfatta som norsk. Andre seier seg utsett for rein rasisme og diskriminering. Enkelte med muslimsk bakgrunn seier det handlar om negative haldningar og fordommar knytte til islam. Dei meiner andre land gir større religiøs fridom og kulturell tilhøyrsel.

– No kan eg vera ein stad der eg kjenner meg akseptert og meir inkludert. Men nokon må fortelja næringslivet i Noreg at de mistar talent, fordi smarte folk vel å dra ut, fordi dei ikkje kjenner seg inkludert, seier Zeeshan.

  • Høge ambisjonar og større karrieremoglegheiter.

Nokon oppgjer at Noreg har ein liten arbeidsmarknad med få moglegheiter, særleg innan teknologi og finans. Somme meiner utanlandske arbeidsplassar set større pris på hardt arbeid, noko som kan gi høgare status og lønn.  

– Å sjå dei travle forretningsmennene på flyplassen og tenkja at dei må ha kule jobbar. Om nokon er villige til å betala for at dei skal fly til eit anna land for å jobba! Det må jo vera kult. Ein faktor som driv meg er spennande moglegheiter, snarare enn eit ønske om å forlata Noreg. Eg saknar Noreg djupt, seier Samir. 

Her kan du lasta ned og lesa rapporten (på bokmål).