Oppmoding om busetting for 2025

Oppmodningsbreva for 2025 vart sendt ut til aktuelle kommunar i slutten av november 2024.

Publisert: 06. desember 2024, Sist oppdatert: 04. april 2025

Behovet for busetting i 2025 vart ved utsending av oppmodingsbrevet i november berekna til å være om lag 18 900.  

I juni kom det oppdaterte prognosar frå berekningsgruppa for utlendingsforvaltinga. Måltalet for busettingsbehovet for 2025 er deretter satt til 12 640. Dette er ein nedgang. Nedgangens skuldas i hovudsak at det har kome færre frå Ukraina sidan i fjor haust. 

Dette medfører at behovet for busettingsplassar i kommunane er lågare enn tidlegare, og IMDi har allereie tatt kontakt med dei aktuelle kommunane med informasjon om kva det oppdaterte busettingsbehovet betyr for den einskilde kommune. 

Nedgang i busettingbehovet gjelder ikkje for einslege mindreårige utan fylgjeperson, her er det framleis et stort behov for tilrettelagde bu- og omsorgstilbod.  

Fordelinga av busettingsbehovet per kommune er fastsett av IMDi, i samråd med kommunanes sentralforbund (KS), og etter tilråding frå fylkeskommunen.   

Busettingsbehovet gjeld for heile året og flyktningane kommer frå både Ukraina og frå andre konfliktområde.  

Kommunane har gjort ein viktig innsats i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, og det er avgjerande at vedteke busettingsplassar bli gjort tilgjengelege for busetting slik at flyktningar kan busettast.