1. Introduksjonsprogrammet

Kommunen skal setje eit sluttmål for deltakinga til den enkelte i introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova § 13.

1.1    Set kommunen eit konkret sluttmål for deltakinga til den enkelte i introduksjonsprogrammet?

1.2    Har kommunen fastsett sluttmålet i samarbeid med den enkelte deltakaren?

1.3    Er sluttmålet og varigheita på programmet i tråd med alderen og utdanningsbakgrunnen til deltakaren, og har kommunen sett til kompetansekartlegginga, karriererettleiinga, interessene og motivasjonen til deltakaren og dei langsiktige måla til deltakaren når dei har sett sluttmålet?

1.4    Vurderer kommunen forlenging når ein ser at deltakaren ikkje når sluttmålet sitt innanfor programtida?

2 Opplæring i norsk

Kommunen skal setje eit minimumsnivå for opplæringa den enkelte får i norsk, jf. integreringslova § 31, jf. integreringsforskrifta §§ 27 og 28.

2.1    Set kommunen eit norskmål for den enkelte deltakaren ved oppstart av opplæringa?

2.2    Tar kommunen utgangspunkt i rettleiande minimumsnivå når ein set norskmål ved oppstart av opplæringa?

2.3    Sørgjer kommunen for opplæring i eit omfang og med ei varigheit som gjer at deltakaren oppnår norskmålet sitt?

3 Krav til enkeltvedtak

Kommunen skal sørgje for at enkeltvedtak er i samsvar med reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak, jf. integreringslova § 31, jf. integreringsforskrifta §§ 27 og 28.

3.1    Er enkeltvedtaket skriftleg?

3.2    Inneheld enkeltvedtaket ei grunngiving som viser reglane som vedtaket byggjer på, og dei faktiske forholda som er lagde til grunn?

3.3    Inneheld enkeltvedtaket informasjon om klagerett, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte når deltakaren skal klage?

3.4    Inneheld enkeltvedtaket informasjon om retten til å sjå saksdokumenta?